Ein heiderspris til to

Landbruket i Rogaland sin heiderspris for 2020 gjekk til Unni Johannesen Skadsem og Bertran Trane Skadsem. Her saman med landbruksdirektør Geir Skadberg (t.v.).
Landbruksdirektør Geir Skadberg saman med prisvinnarane Unni Johannesen Skadsem og Bertran Trane Skadsem.

Landbruket i Rogaland sin heiderspris for 2020 blei i dag tildelt Unni Johannesen Skadsem og Bertran Trane Skadsem.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 15.03.2021

Eit solid familiebruk

Ekteparet Unni og Bertran er begge aktive bønder som driv gard på Skadsem i Klepp kommune. Dei har allsidig drift med mjølk, potet, rugeegg og pelsdyr. Vi snakkar om eit  solid familiebruk, noko som har vore ein føresetnad for at Unni og Bertran har kunna ofra seg så mykje utanom gardsdrifta. Generasjonane på garden spelar på kvarandre, og for relativt kort tid sidan var det faktisk fire generasjonar på garden.

Det er styret i Rogaland landbruksselskap som konkluderer kven som får heidersprisen. Ulike kriterium ligg til grunn. For årets vinnar er det spesielt vektlagt at dei begge har hjelpt yrkesbrør eller systrer gjennom krevjande periodar og har profilert landbruket på positive måtar mot resten av samfunnet. Litt overordna kan ein seie at prisen går til personar som har gjort ein positiv innsats ut over det ein normalt kan vente.

Talrike verv

Unni har lang fartstid i Bygdekvinnelaget lokalt. Hun er i dag nestleiar i styret i Norges Bygdekvinnelag. Bertran har også lang fartstid som tillitsvald i ulike organisasjonar. Han starta som leiar i Klepp BU, blei etter kvart leiar i Rogaland BU og med det også styremedlem i Rogaland Bondelag. Han var leiar av VM i traktorpløying i 1989. Han har også gjennom mange år vore særs aktiv i arbeidet med å halda det 23 000 dekar store jordbruksområdet Skas-Heigre «over vatn», altså at vatnet blir pumpa ut av dette kanaliserte området. Bertran er nok for mange mest kjent som ombud i pelsdyrnæringen, og har i dag med fleire sentrale verv i næringen mellom anna som styreleiar i Norges Pelsdyralslag.

Sjøve prisen

Heidersprisen er Rogaland landbruksselskap sin diplom laga av Rita Aase Austvoll og eit kunstverk laga av Lise Birkeland.

Vi gratulerer Unni Johannesen Skadsem og Bertran Trane Skadsem!

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.