Stor auke i jordleigeprisar i Rogaland

Landbruksdirektoratet sine nyaste tal over jordleigeprisar viser store endringar, og særleg i Rogaland har prisauken vore stor for dei fleste produksjonsformåla.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 02.06.2015

Tabellen over  indeksutviklinga for jordleigeprisar i Noreg viser at det har vore ein auka dei siste åra til nesten alle bruksformål, bortsett frå kulturbeite. Basisåret er 2000 med indeks lik 100.

Indeksutvikling for jordleigeprisane dei siste 5 åra i Noreg

  2011 2012 2013 2014 2015
Grasdyrking 93 100 101 104 108
Korndyrking 116 118 118 116 121
Grønsaker/bær 116 122 118 118 123
Potet 114 128 114 122 124
Kulturbeite 81 77 79 71 77

 

Ser vi på dei faktiske prisane, så er jordleigeprisen for potet og grønsaks-/ bærdyrking naturlegvis høgast med kr 854 per dekar for potetareal og kr 594 per dekar for grønsaksareal i 2015. Korndyrking og grasdyrking hadde ein gjennomsnittspris på kr 340 og kr 257, medan kulturbeite hadde  lågast pris på kr 70 per dekar per år.


Regionale forskjellar

Det er store regionale forskjellar i jordleigeprisar i landet. Som diagrammen viser, har Nord-Noreg i snitt dei lågaste prisane medan Rogaland ligg på toppen i leigeprisar for alle bruksformål.


Endringar i prisane

Jordleigeprisane endra seg også ulikt frå region til region. Leigeprisen for grasproduksjon er relativt stabil i forhold til i fjor i alle regionane, bortsett frå Rogaland som hadde ein kraftig auka frå 2014. På «god jord» auka gjennomsnittsprisen i Rogaland med kr 49 til kr 416 (+ 13,4 %) og på «dårleg jord» med kr 39 til kr 205 (+23,5 %).

Når det gjeld areal til korndyrking, var Rogaland den einaste regionen som hadde ein betydeleg auke frå i fjor; kr 99 per dekar til kr 579. Kva som er grunnen til dette er ikkje kjent.

Leigeprisen på jord til grønsaker og bærdyrking har auka lite i Rogaland, men snittprisen var allereie høg her og låg på kr 1025 per dekar. 

Utviklinga i leigeprisen til potetdyrking viste store forskjell mellom regioner. Det var nedgang på Austlandet, Vestlandet og Trøndelag og ein sterk auke i Nord-Noreg og i Rogaland.
Igjen låg prisen høgast i vår region, kr 816 per dekar som var nesten 20 % høgare enn i fjor.

Høg pris på beiteareal i Rogaland
Når det gjeld leigeprisane på beite, så er situasjonen i Rogaland spesiell. Vi er Noregs største beitefylke og inn- og utmarksbeite blir mykje brukt i storfe- og småfeproduksjonen. Dette viser også igjen i jordleigeprisane på beite i Rogaland. Desse prisane er generelt låge i resten av landet og det er små endringar frå i fjor, med unntak av Rogaland. Her var det ein prisauke for kulturbeite på kr 29. Prisane for kulturbeite i Rogaland er høgast i heile landet (kr 130), følgt av Trøndelag (kr 73) og Austlandet (kr 71).

Utviklingstrekk
Som tala frå SLF viser, er leigeprisane i Rogaland høgast av alle og dei har auka mest for dei fleste bruksformål. Dette er typisk for situasjonen i vår region, der kampen om areal og betalingsviljen for bruk av jord er stor. Nivået på nedbygging av matjord i fylket vårt, som også er det høgast i landet, bidrar heller ikkje til å lette på trykket.

Høge og aukande jordleigeprisane gir auka kostnader for matproduksjonen. Statistikken gir ikkje grunnlag for eintydige konklusjonar om årsakene.

Grunner til det høge prisnivået kan vere:

  • Omdisponering av matjord til utbygging gir redusert arealgrunnlag – særleg i dei beste jordbruksområda
  • Areal med dårleg arrondering og stor avstand til driftssenter går ut av bruk og blir mindre attraktive, kampen om dei mest sentrale areala aukar
  • Auka mekaniseringsgrad, større maskiner og krav til effektivitet gir auka press og etterspørsel etter sentrale jordbruksareal og redusert interesse for drive perifere areal
  • Sentralisering av husdyrproduksjonen gir auka behov og etterspørselen etter jord og spreieareal i sentrale jordbruksområde
  • Økonomien i produksjonen i sentrale strøk forsvarer og tillét høgare jordleiebetaling

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.