Enga etter vinteren – har ho klart seg?

Våronn på Anda. Foto: Statsforvaltaren i Rogaland

Ein grov tommelfingerregel for mange bønder er å spreie husdyrgjødsla før påske. Låge temperaturar, mykje nedbør og vassjuk innmark i vekene før påske gav ei forsinka våronn fleire stader i Rogaland samanlikna med tidlegare år.

Publisert 08.04.2026

Våronna på enkelte gardar med husdyr starta likevel med spreiing av husdyrgjødsel på innmarksbeite i midten av mars. I dagane framover vil utkøyring av husdyrgjødsel på innmarksareal for alvor setja sitt luktpreg på fylket. Dei låge og kystnære områda startar nok først og etterfølgt av gardsbruk i høgareliggjande strøk og lenger inn i fylket.

For glisne engareal vil direktesåing i aukande grad bli føretrekt framfor tradisjonell full fornying. Effekten av direktesåinga vil da i første rekke visast på 2. slåtten.
 
Har vinteren vore streng og slåttearealet blitt glissent, kan du melde frå om mogleg produksjonssvikt i Altinn. Deretter kan du vurdere om grovfôravlinga i vekstsesongen 2026 blir så låg at du søkjer tilskot ved produksjonssvikt innan 31. oktober.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.