Landbruks- og matminister Jon Georg Dale møtte landbruksungdommen
 
        Statsråd Jon Georg Dale vitja Jæren måndag 25.januar.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Publisert 26.01.2016
                    
                Dale ser på rekrutteringa til landbruksnæringane som ei hovudutfordring, noko som avspegla seg i programmet. Etter besøket hjå initiativtakarane til Jæren Young Cowboys, Hanne Varhaug Helland og Arild Helland, gjekk turen til Øksnevad vidaregåande skule. Etter gode orienteringar frå rektor Rune Haaland og rektor på Vinterlandbruksskulen på Jæren, Ole Eriksen, bar det rett ut i fjøsa.

Elevane førte an og ga statsråden gode orienteringar. Her bilete frå loftet i lausdriftsfjøset.