Hald av 9. mars til Landbrukskonferansen 2026

Like sikkert som våronna kjem kvart år, så blir Landbrukskonferansen arrangert i mars. Dette er ein viktig møteplass for alle som bryr seg om landbruket i regionen med fagleg påfyll, gode samtalar og inspirasjon for året som kjem.

Publisert 08.10.2025

Landbrukskonferansen står støtt og er ein viktig møteplass for alle som vil bidra til eit framtidsretta og berekraftig landbruk i Rogaland. 

Årets konferanse hadde rekordmange 250 deltakarar, der bøndene utgjorde heile 30 prosent. Det var vi svært godt nøgde med, og vi håpar å vidareføre suksessen i 2026. Arbeidet med å setja saman eit interessant og variert program er allereie godt i gang. 

Ingen landbrukskonferanse utan politikk på agendaen

Etter årets stortingsval tel Rogalandsbenken fjorten representantar frå sju ulike parti. Vi har eit mål om at fleire av desse òg skal vera representerte under landbrukskonferansen til våren. I tillegg vil vi sjølvsagt invitere landbruks- og matminister Nils Kristen Sandtrøen vestover. Det er elles blitt ein tradisjon at vi har bønder på scenen, og heidersprisen frå Rogaland landbruksselskap skal delast ut. 

Stad for konferansen, program og påmelding kjem i løpet av desember, men hald av datoen i kalenderen din allereie no. 

Vel møtt måndag 9. mars 2026.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.