Webinar om korleis kommunane kan bidra til klimavenleg landbruk

Nyleg arrangerte Miljødirektoratet webinar for kommunane om korleis dei kan bidra til eit meir klimavenleg landbruk. Her kan du mellom anna høyre om satsinga på klimasmart landbruk i Viken og prosjektet Karbon i jord i Trøndelag. Webinaret var inspirerande og vi oppfordrar kommunalt tilsette med klimaoppgåver til å sjå opptaket.    

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 13.04.2021

Opptak av seminaret finn du på heimesida til Miljødirektoratet. 

Klimasmart landbruk Viken

Viken har hatt ein rekke aktivitetar og webinarar og prosjektleiar Charlotte Forsberg presenterte korleis dei samarbeider i Viken om klimasmart landbruk. Viken har ambisjonar om å bli eit nullutslepp-samfunn og redusere klimagassutsleppa med 80 prosent innan 2030. 

Karbon i jord

Anders Mona i Statsforvaltaren i Trøndelag er engasjert som prosjektleiar for Karbon i jord. Ei prosjektsatsin finansert av midlar frå Miljødirektoratet og Trøndelag fylkeskommune Mellom anna gir dei tilskot til 20 føretak for gjere tiltak på eigen gard: 

  • Kompost på jord med lågt moldinnhald, 200 kr/dekar
  • Vekstskifte med to år korn, to år med gras, 100 kr/dekar
  • Bruk av biokol på skarp sandjord, 1500 kr/dekar
  • Ingen fjerning av halm, 20 kr/dekar
  • Miljøavtale, 4000 kr/dekar. Miljøavtalen krev at føretaket gjennomfører minimum to modular av klimakurs og har klimaplan med tiltaksplan, samt at dei i søknadsåret gjer minst 3 av tiltaka som utløyser tilskot. 

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.