Samisk språk i barnehagen
Samiske barn i barnehage har rett på samisk opplæring. Dette er regulert i barnehagelova og rammeplan for barnehagar.
I Norge er nordsamisk, lulesamisk og sørsamisk offisielle språk. Desse tre språka, som er beskytta av den europeiske pakt for minoritetsspråk, er òg opplæringsspråk i barnehagar og skular.
Samiske barn er enten i samiske barnehagar, i ein barnehage med samisk avdeling eller i andre barnehagar. Rammeplanen for barnehagar vektlegg at «samiske barnehagar skal fremme barn sin kompetanse i samisk språk», medan i andre barnehagar med samiske barn skal «barna oppmuntrast til å ivareta og utvikle sitt språk, sin kompetanse og kultur uavhengig av kor i landet dei bur.» Det er barnehagemynde sitt ansvar å sjå til at forholda leggast til rette for at samiske barn kan sikre og utvikle sitt språk og kultur i barnehagen.
Mange er stolte av å tilhøyra ein nasjonal minoritet og ønskjer å dele bakgrunnen med barnehagen, medan andre ikkje ønsker at dette skal komme fram. Det er opp til den einskilde om dei vil opplyse barnehagen om sitt opphav eller ikkje. For at samiske barn skal få den opplæringa dei har krav på, må barnehagen først kjenne til at dei har samiske barn.
Samisk språk, kultur og samfunnsliv
I europarådet si pakt for minoritetsspråk står det at staten pliktar å sikre og fremje bruken av minoritetsspråk som har historisk tilknyting til Norge.
Barnehagen og skulen er viktige arenaer for å utvikling av samisk språk, kultur og identitet. Regjeringa vil stimulere til samisk språkopplælæring i barnehagen og skulen.
Det er et viktig mål at samiske barn og unge skal vokse opp med en trygghet om at egen kultur, eget språk og egen identitet har en naturlig plass i samfunnet de er en del av (Stortingsmelding 17. (2024-2025).
Les meir her: