Barn og unge som ønsker å komma i kontakt med oss

Vi som jobbar med barnevern hos Fylkesmannen er tilgjengelege for alle barn og unge. Her finn du kontaktinformasjon viss du vil komma i kontakt med oss. 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 03.04.2020

Vi som jobbar med barnevern hos Fylkesmannen i Rogaland er tilgjengelege for alle barn og unge.

Dette gjelder barn som bur på barnevernsinstitusjonar, i fosterheim og barn som bur heime.  

Fylkesmannen si oppgåve er å følgje med på at lovar og reglar blir følgde. Vi kan også gi råd og rettleiing.

Kontaktpersonar og telefonnummer finn du under «Kontaktpersonar» i høgremargen. Du kan nå oss på telefon mellom klokka 08.00 og 15.45 i vekedagane. Dersom vi ikkje svarer, kan du legge igjen ein beskjed eller sende ein epost. Då vil vi ta kontakt med deg.

Elles kan du ringe Alarmtelefonen for barn og unge, som er 116 111.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.