Fristen for å levere verjerekneskapen for 2020 gjekk ut den 30. april 2021. Dersom du ikkje har levert komplett verjerekneskap enno, bør du sende oss det med ein gong for å unngå purring.
06.05.2021
Fristen for å levere verjerekneskapen for 2020 er 30. april 2021. Verja må mellom anna leggje fram skattemeldinga til personen med verje. Her kan du lese meir om kva verja må gjere for å få tilgang til denne skattemeldinga.
22.04.2021
Fleire har meldt frå om at dei ikkje får velje Vestland som mottakar ved utfylling av elektroniske skjema til oss via Altinn. Det er òg nokon som får feilmelding dersom dei opnar elektroniske skjema direkte inne i Altinn.
Velkommen til årets første webinar for faste, profesjonelle verjer i Vestland
11.03.2021
Alle verjer med rekneskapsplikt skal levere verjerekneskap for 2020. Rekneskapen skal leverast samla, og frist for innsending er 30. april 2021.
12.02.2021
I samband med koronasituasjonen har det vore fleire nyhendesaker om isolering av personar som er under verjemål. Vi vil difor be alle verjer om å vere oppmerksame på at dei nasjonale føringane for isolering ikkje utan vidare kan leggast til grunn når isolering må gjennomførast med bistand frå helse- og omsorgstenesta. Dette gjeld særleg når gjennomføring må skje heilt eller delvis med bruk av tvang.
15.01.2021
Det er ikkje verja si oppgåve å samtykke til vaksinasjon på vegner av den dei er verje for.
28.12.2020
Fylkesmannen gjennomfører ei brukarundersøking blant oppnemnde verjer. Undersøkinga har 14 spørsmål med svaralternativ, og det tek om lag 5-10 minutt å svare på spørsmåla.
01.12.2020
På grunn av ferieavvikling og færre folk på kontoret, ber vi om at verjer med eventuelle søknader om bruk av kapital, sender desse så snart som mogleg.
11.06.2020
Fylkesmannen får mange spørsmål knytt til årets skattemelding. Kva versjon skal sendast inn saman med verjerekneskap 2019?
03.04.2020