Vil du hjelpe einslege mindreårige asylsøkjarar?

Vi treng fleire representantar for einslege mindreårige asylsøkjarar i Stord kommune og området rundt.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 04.10.2022

Kva er ein representant?

Statsforvaltaren oppnemner representantar for mindreårige asylsøkjarar som er i Noreg utan foreldre eller andre med foreldreansvar. Desse barna vert kalla einslege mindreårige asylsøkjarar (EMA).

Ein representant er ein juridisk erstattar for foreldra og skal hjelpe barnet i møte med det norske systemet. Representanten skal ta hand om dei juridiske og økonomiske rettane til barnet og ta dei avgjerdene som vanlegvis ligg til den som har foreldreansvaret. Ein representant har ikkje ansvaret for den daglege omsorga, men skal sikre at omsorgsbehovet til barnet blir ivareteke.

Statsforvaltaren i Vestland har eit korps av representantar som tek på seg oppdrag. Dei har ulik utdannings- og yrkesbakgrunn, og dei fleste kombinerer representantoppdrag med ordinært arbeid. Som representant har ein krav på godtgjering og dekning av naudsynte utgifter i samband med utføringa av oppdraget.

Vi treng fleire representantar i og rundt Stord kommune

Akkurat no har vi eit særleg behov for nye representantar i nærleiken av Litlabø EMA-mottak, som ligg i Stord kommune. Dette er eit ordinært mottak for einslege mindreårige asylsøkjarar i alderen 15-18 år. Dersom du bur kommunen eller ein av nabokommunane, og kunne tenkje deg vere representant, ønskjer vi å høyre frå deg.

Krav for å bli representant

Det er ingen formelle krav til utdanning eller yrkeserfaring for å kunne bli representant. Det krevst likevel at du er personleg eigna og motivert. I tillegg er det ein føresetnad at du har gode kunnskapar om det norske samfunnet og det norske språket, og kan orientere deg i det offentlege systemet.

Vi gjennomfører samtale med, innhentar politiattest frå og gjer kredittsjekk av aktuelle søkjarar. Alle representantar får tilbod om opplæring og rettleiing av Statsforvaltaren.

Søknad

Dersom du har lyst til å bli ein del av Statsforvaltaren sitt representantkorps, kan du sende oss ein søknad. Vi ber om at søknaden inneheld informasjon om motivasjonen din for å bli representant, og at du legg ved ein oppdatert CV med oversikt over utdanning, arbeidserfaring, og eventuelle kurs og verv

Lenkje til søknadsskjema finn du i hgøgremargen. Hugs å laste opp CV-en din.

Søknadsfristen er 25.10.2022.

 

Dersom du har spørsmål, kan du ta kontakt med seniorrådgjevar Idunn Brandshaug Horvei.

Du kan lese meir om representanten sine oppgåver på nettsidene til Statsforvaltaren www.statsforvaltaren.no/vlv og Verjemålsportalen www.vergemal.no.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.