Vi tilrår utviding av Kvitingsmorki naturreservat i Årdal

I samarbeid med grunneigarane tilrår vi ei utviding av Kvitingsmorki naturreservat i Årdal kommune. Prosessen inkluderer også ei fornying av verneforskrifta etter modell fra frivillig skogvern-ordninga og ei justering av vernegrensa.
Som ein del av arbeidet med å ta vare på naturmangfaldet i Vestland fylke tilrår vi utviding av Kvitingsmorki naturreservat i Årdal kommune. Utvidingsområdet heiter frå gamalt av Skogateigen, og vil inngå i eit nytt, oppdatert Kvitingsmorki naturreservat. Vernereglane for Kvitingsmorki blir foreslått oppdatert etter nye malar for frivillig skogvernområde. Grensene for verneområdet blir også tilpassa kommunegrensa mellom Årdal og Lærdal. Det er AT Skog som har forhandla med staten på vegner av grunneigarane.
Tilgrensande utvidingsområdet til Kvitingsmorki ligg Bermålsnosi, eit nyleg tilrådd verneområde som ligg i kø for vedtak i statsråd. Nettsaka med vår tilråding ligg i høgrefana. Bermålsnosi ligg langs same fjordside, men på andre sida av kommunegrensa, i Lærdal kommune.
Ei verdifull fjordside med skog frå fjord til fjell
Kvitingsmorki naturreservat vart etablert den 17. desember 1999, som ein del av verneplanen for barskog i Vest-Noreg. Dette var før ordninga med frivillig skogvern var etablert. Det eksisterande naturreservatet er 17 300 dekar stort. Kvitingsmorki naturreservat kan, etter ei utviding og justering av vernegrensa til å følgje kommunegrensa mellom Årdal og Lærdal, bli 17 951 dekar.
Utvidingsarealet husar mykje av den same skogen som ligg innanfor vernegrensa til Kvitingsmorki i dag. Der finn vi i stor grad boreal barskog og noko edellauvskog ned mot Bermålsnosi. Med Skogateigen inkludert i naturreservatet vil vernet dekke meir av nedbørsfeltet og binde saman Kvitingsmorki og Bermålsnosi. Utvidinga vil bidra til å binde saman ei større, samanhengande fjordside med verdifull skog.
Med utvidinga av verneområdet Kvitingsmorki bidreg vi til å verne naturen mot ulike typar inngrep, som gir eit positivt bidrag til det nasjonale og internasjonale målet om å stanse tapet av naturmangfald.
Vernet vil bidra til å kome nærmare det nasjonale målet vedteke av Stortinget om 10 % vern av skog og redusere dei negative effektane av klimaendringane gjennom å sikre eit nettverk av viktige leveområde for naturmangfaldet i norske økosystem. Vern av området vil også bidra til langsiktig binding av karbon.
Heile tilrådinga med oversendingsbrev og kart ligg til høgre i denne nettsaka.
Kontaktpersonar
-
Aslaug Aalen
Tlf: 55 57 20 13 -
Eline Orheim
Tlf: 57 64 30 12 -
Maria Knagenhjelm
Tlf: 57 64 31 37