Vi tilrår frivillig skogvern av Lykkja i Årdal og Skolten i Gulen

Biletet frå Flategilet er innanfor det føreslegne verneområdet og syner ei bekkekløft. Det er ein naturtype med jamn fuktigheit i lufta der særleg kravfulle artar trivst på bergvegger og langs vassvegen. Bekkekløfter er mangelfullt dekt i skogvernet i Vestland, og Flategilet vil bidra til å få betre vernet av denne naturtypen.
Biletet frå Flategilet er innanfor det føreslegne verneområdet og syner ei bekkekløft. Det er ein naturtype med jamn fuktigheit i lufta der særleg kravfulle artar trivst på bergvegger og langs vassvegen. Bekkekløfter er mangelfullt dekt i skogvernet i Vestland, og Flategilet vil bidra til å få betre vernet av denne naturtypen. Foto: Biofokus/ Jon T. Klepsland.

Vi tilrår vern av to nye skogområde i fylket; eitt i indre Sogn og eitt i ytre Sogn. Lykkja har rik edellauvskog og Skolten har bekkekløft og regnskog, og med status som naturreservat vil naturverdiane i disse områda bli godt varetekne. 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 05.08.2021

Statsforvaltaren i Vestland har i oppdrag frå regjeringa å verne verdifull skog i fylket. Skogen husar seks av ti landlevande artar og er viktig å ta vare på om vi skal hindre tap av biologisk mangfald.

Ni av ti av dei trua raudlisteartane vert negativt påverka av menneskelege arealendringar. Det å ta vare på levestadane til artsmangfald i skog blant det viktigaste tiltaket vi kan gjere for å sikre Vestlandsnaturen for framtida.

Dei siste åra har frivillig skogvern vore den mest aktuelle verneforma. Som ordet seier, er dette eit vern der staten er heilt avhengig av at grunneigaren sjølv ønskjer dette. Grunneigarane får ei erstatning frå staten for å avstå frå hogst og andre aktivitetar og inngrep. 

Det er AT Skog som har framforhandla vernet både i Lykkja og på Skolten på vegner av grunneigarane, og som har sett til at interessene til grunneigarane har blitt ivareteke.

Denne gamle almen lever og dør i området som no er føreslege til frivillig skogvern. Det er påvist fire raudlisteartar i Lykkja som treng gamal alm for å overleve. Alma er ein varmekjær art som ikkje trivst kor som helst i fylket vårt.
Denne gamle almen lever og dør i området som no er føreslege til frivillig skogvern. Det er påvist fire raudlisteartar i Lykkja som treng gamal alm for å overleve. Alma er ein varmekjær art som ikkje trivst kor som helst i fylket vårt. Foto: Statsforvaltaren i Vestland/ Maria Knagenhjelm.

Lykkja i Årdal

Det tilrådde verneområdet i Lykkja har ein storleik på 1685 dekar skog og er lokalisert gards- og bruksnummer 11/5, 11/1, 11/4 og 11/3 i Årdal kommune. Arealet er eigd av ein privat grunneigarar og Årdal kommune. Dei har underskrive tilbod om vern av Lykkja som naturreservat etter prosedyren for frivillig skogvern.

Lokaliteten er ein del av eit større, typisk edellauvskogsmiljø i fjordliane og ligg eit steinkast frå Utladalen landskapsvernområde. Området er i hovudsak bratt og består av ein del lausmassar og skredmark. Det er også små bekkedrag og eit fuktig areal i nedre delar som består av gråor-heggeskog. I edellauvskogen er det frodig med lågurt- og høgstaudepreg. Det er registrert fleire interessante artar knytt til edellauvskogen, mellom anna seks raudlista artar, der dei fleste treng gamal alm for å overleve.

Statsforvaltaren vurderer Lykkja til å ha vernekvalitetar på nivå B (regional verdi med 2, kanskje 3 stjerner). Ved å verne gråor-almeskog dekker vi manglar i skogvernet i fylket. Området vil også kunne tene som referanse- og forskingsområde for påverknaden av fluor- og luftureininga frå industrien i Årdal. Det er ikkje registrert framande artar i det tilrådde verneområdet. 

Sjå lenkjer til høgre med meir informasjon frå oppstarten og høyringa. Tilrådinga til Miljødirektoratet med vernekart og tilhøyrande forskrift ligg også til høgre. 

I nedre delar av Lykkja er det gråor-heggeskog. I denne naturtypen er det eit rikt fugleliv, og det er registrert like mange fugl i gråor-heggeskog som du finn i tropisk regnskog! Luftfuktigheten er gjerne høg i slik skog, og skogbotnen er ofte frodig. Gråor slepp grøne blad om hausten, noko som bidreg til meir nitrogen i skogbotnen.
I nedre delar av Lykkja er det gråor-heggeskog. I denne naturtypen er det eit rikt fugleliv, og det er registrert like mange fugl i gråor-heggeskog som du finn i tropisk regnskog! Luftfuktigheten er gjerne høg i slik skog, og skogbotnen er ofte frodig. Gråor slepp grøne blad om hausten, noko som bidreg til meir nitrogen i skogbotnen. Foto: Statsforvaltaren i Vestland/ Maria Knagenhjelm.

Skolten i Gulen

Det tilrådde verneområdet ligg i ei austvendt li mellom innsjøen Brossvikvatnet og fjellområdet Lifjellet/Brossviksåta på sørsida av Sognefjorden, nær Sognesjøen og havet i vest. Arealet er lokalisert på gards- og bruksnummer 8/1, 8/2 og 8/3 i Gulen kommune og er eigd av fem ulike private grunneigarar. Dei har tilbydd vern av eit 1481 dekar stort areal med skog.

Den vestlege lia langs Brosvikvatnet har god topografisk variasjon og fleire naturtyperegistreringar. Eit framtidig naturreservat her vil kunne dekkje manglar i skogvernet i Vestland med bekkekløfter, kystfuruskog og boreonemoral blandingsskog. Noko vestnorsk regnskog ligg også innanfor føreslegen vernegrense.

Verneverdiane er knytt, mellom anna, til gamal kystfuruskog med høg alder i sterk oseanisk seksjon (verdi B). I ei kystbekkekløft (verdi B) opptrer gode førekomstar av uvanlege og krevjande artar som flommose/ flaummose (nær truga art). Det er også gamal lavlandsblandingsskog (verdi B) med påviste raudlista artar i det føreslegne naturreservatet. I det sørvestre hjørnet inkluderer arealet ein del av ein A-lokalitet med fattig boreonemoral regnskog. Her er den nær truga arten skoddelav funnen innanfor det føreslegne verneområdet. 

Det er relativt produktiv furu-blandingsskog i Skolten, der større delar har høg bonitet og ligg under 300 høgdemeter. Meir informasjon om verneverdiane og dei raudlista artane som er registrerte, kan du få på Narin-basen, på Naturbase eller via heimesidene våre.

Den vestvendte lia ved sidan av Brossvikvatnet har vestnorsk regnskog og gamal lavlandsblandingsskog med fleire artar på den norske rødlista. Vi tilrår at skogen blir verna.
Den vestvendte lia ved sidan av Brossvikvatnet har vestnorsk regnskog og gamal lavlandsblandingsskog med fleire artar på den norske rødlista. Vi tilrår at skogen blir verna. Foto: Statsforvaltaren i Vestland/ Maria Knagenhjelm.

Verneprosessen  

Oppstart og høyringsbrev for verneområda er sendt til relevante sentrale og lokale partar, sjå adresseliste bak i dokumenta til høgre. I tillegg til utsending av oppstart - og høyringsdokument direkte til aktuelle høyringsinstansar, er både oppstart og høyring presentert på nettstaden vår, og kunngjort i Porten og Sogn Avis (for Lykkja) og Ytre Sogn (for Skolten).  

Det kom inn mange innspel til dei to verneprosessane, og ingen var kritiske til vern. I tilrådingane ligg eit samandrag av innspela og våre kommentarar til dei. Det er no Miljødirektoratet som skal handsame vernesakene før dei blir sendt til KLD. Vi håpar på vernevedtak i statsråd innan seinvinteren 2022. 

Heimelsgrunnlag

Lykkja og Skolten blir tilrådd verna i medhald av lov av 19. juni 2009 nr.100 om forvaltning av naturens mangfold (naturmangfaldlova). I lova er det gitt heimel for oppretting av ulike vernekategoriar i §§ 35 til 39. Generelle mål for områdevern følger av naturmangfaldlova § 33. Føremålet med det enkelte verneområdet må bli skildra konkret og bli knytt opp mot forskrifta som gjeld den enkelte vernekategori i §§ 36 og 37. Naturreservat er den strengaste forma for vern etter naturmangfaldlova.

Statsforvaltaren si tilråding

Statsforvaltaren i Vestland tilrår oppretting av naturreservatet Lykkja i Årdal kommune og naturreservatet Skolten i Gulen kommune. Tilhøyrande vernekart og verneforskrift for det enkelte området ligg til høgre i denne nettsaka. 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.