Kunngjering - Endra løyve for Statens vegvesen Region vest for utslepp frå mellombels anleggsarbeid i Sunnfjord kommune

Statens vegvesen Region vest fekk 13. januar 2022 endra utsleppsløyve etter forureiningslova for arbeidet med bygging av E39 Myrmel – Lunde i Sunnfjord kommune.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 14.01.2022

Endringa består i at maksimal vassmengde for innlekkasjevatn vert auka til 30 l/min/100 meter. I det opphavelege løyvet er det rekna med eit innlekkasjevolum på maksimalt 15 l/min/100 meter. Statsforvaltaren gjev ikkje løyve til flytting av utsleppspunktet for reinsa tunnelvatn.

Løyvet er òg kunngjort på www.norskeutslipp.no

Rett til å klage

Partane som er involvert i saka og andre med særlege interesser kan klage på vedtaket innan tre veker. Klagen skal sendast til Statsforvaltaren, som kan gjere om vedtaket eller sende klagen vidare til Miljødirektoratet. Merk klagen med referansenummeret som står i saksdokumenta.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.