Miljøtilsyn i 2021

Brukt blåsesand og avverka materiale samt overflødig materiale frå påføringar skal samlast opp. Oppsamla materiale skal leverast godkjent avfallsmottak.
Brukt blåsesand og avverka materiale samt overflødig materiale frå påføringar skal samlast opp. Oppsamla materiale skal leverast godkjent avfallsmottak. Foto: Statsforvaltaren i Vestland/Toril M. Mulen.

I fjor gjennomførte miljøavdelinga 103 tilsyn etter forureiningslova. 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 20.06.2022

Tilsyn er eit høgt prioritert arbeidsområde hjå miljøavdelinga. Vi arbeider systematisk etter ein kontrollplan som vi set opp i starten av året, og supplerer med fleire tilsynsobjekt ved kapasitet. Koronarestriksjonar prega óg tilsynsåret 2021, men med meir bruk av digitale tilsyn var den totale tilsynsaktiviteten omlag som før pandemien. 

Nasjonalt koordinerte tilsynsaksjonar

I fjor deltok vi i tre nasjonalt koordinerte tilsynsaksjonar i regi av Miljødirektoratet:

  •  avløp - forureiningsforskrifta kapittel 14
  •  fiskemjøl/fiskeoljeproduksjon
  •  metallmottak, shreddere og andre mottak der EE-avfall kan hamne 

Lokalt initierte tilsyn

I tillegg gjennomførte vi frekvensbaserte tilsyn med verksemder som har løyve frå Statsforvaltaren eller er forskriftsregulerte. Nokre tilsyn vart gjennomført som følgje av ei spesiell hending, eller på grunnlag av klage eller tips om forureining.

Vi tok initiativ til å lage eigne tilsynsaksjonar der vi gjennomførte tilsyn med fleire verksemder innan same bransje:

  • deponi
  • sandblåsingsaksjon - forureiningsforskrifta kapittel 29 
  • akvakulturanlegg, landbasert
  • akvakulturanlegg, sjø
  • fiskeforedling
  • næringsmiddel
  • vaskeri
  • notvaskeri

Kven driv vi tilsyn med? 

I 2021 førte vi tilsyn med lakseslakteri, tradisjonell fiskeforedling, fôrprodusentar, produsentar av fiskemjøl og fiskeolje, meieri, bryggeri, produsentar av saft, jus og syltetøy, lokalmatprodusentar og slakteri/kjøtbearbeidande verksemder. Vi førte også tilsyn med bedrifter som brukar blåsesand og driv overflatebehandling av metall, deponi, avfallsanlegg som tek imot metall der EE-avfall kan hamne og notvaskeri. 

Storleiken på verksemdene varierer frå dei små med fem-seks tilsette til dei store fiskeforedlings- og næringsmiddelkonserna. Nokre av verksemdene fekk tilsyn for første gong, medan dei fleste andre er godt inne i vårt risiko- og frekvensbaserte tilsyn. 

Tilsynsrapportar 

Alle tilsynsrapportar for verksemder med løyve etter forureiningslova vert gjort offentleg tilgjengelege på www.norskeutslipp.no

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.