Vi ber staten ta grep for sirkulær bruk av biorest og organisk avfall

Statsforvaltaren i Vestland ber regjeringa ta initiativ til eit nasjonalt arbeid for betre utnytting av biorest frå biogassanlegg og anna organisk avfall. Behovet er akutt: Mengdene organisk avfall aukar kraftig, samstundes som det manglar løysingar som sikrar trygg og sirkulær bruk av ressursane utan å skape forureining.

Publisert 29.01.2026

Eit nasjonalt system manglar

Det årlege fosforoverskotet i Noreg er større enn 20 000 tonn, og dagens system for handtering av biorest og slam er ikkje berekraftig. Biogassproduksjonen i Noreg er i vekst, men det manglar marknad for bioresten som vert att etter biogassproduksjonen. Mykje organisk avfall blir i dag deponert. Utan nye tiltak vil ikkje Noreg kunne nå Stortingets mål om biogassproduksjon på 5 TWh i 2030 og 10 TWh i 2035.

Nytt gjødselregelverk

Nytt gjødselregelverk som vart innført i 2025 har redusert mengde fosfor det er lov å tilføre landbruksareal og parkar/hagar. Konsekvensen er at gardsbruk no har behov for 60 % meir spreieareal. Dette nye regelverket har vore nødvendig for å redusere avrenning til vassdrag og for å nå miljømåla i Vassrammedirektivet.

Frå avfall til produkt

Biorest blir i dag rekna som avfall etter gjeldande regelverk, men målet er å gjere det om til eit sirkulært produkt. For å kunne klassifiserast som produkt må biorest oppfylle krav i forureiningslova, mellom anna at det er etterspurt i marknaden og trygt i bruk.

Ei regjeringsoppnemnd ekspertgruppe peiker i rapporten «Ikke rett fram» (2025) på at store mengder fosfor og nitrogen frå husdyrgjødsel og fiskeslam i dag ikkje blir utnytta godt nok. Dei foreslår fleire tiltak. Eit av tiltaka er til dømes ei nasjonal ressursoversikt for biorest og eit omsetningskrav for resirkulert fosfor i gjødselvarer.

EØS-forpliktingane gjennom avfallsdirektivet støttar opp under dette arbeidet ved å prioritere materialgjenvinning framfor brenning og ved å krevje tiltak som fremjar bruk av produkt laga av bioavfall.

Bransjen er klar – men treng rammer

Avfalls‑ og biogassaktørar seier at dei kan produsere gjødselprodukt basert på norske ressursar, men at staten mellom anna må bidra med:

  • omsetningskrav for resirkulert fosfor
  • investeringsstøtte til gjødselproduksjon
  • betre regelverk for eksport
  • støtte til transport ut av regionar med fosforoverskot

Statsforvaltaren oppmodar regjeringa: Start eit nasjonalt arbeid no

Alle er samde om at organisk fosfor, til dømes frå biorest, er ein viktig ressurs. Men, i dag finst det ikkje løysningar som gjer at vi kan nytte denne ressursen til å lage produkt som konkurrerer med importert mineralsk fosforgjødsel.

Statsforvaltaren ber om at fleire departement går saman om å etablere ein nasjonal strategi med mål og verkemiddel for sirkulær bruk av biorest og organisk avfall. Arbeidet bør inkludere avfallsbransjen, biogassaktørar, oppdrettsnæringa, landbruket og næringsmiddelindustrien.

Dette arbeidet hastar. Både for å ta vare på den biologiske ressursen, for å nå måla for biogassproduksjon og for å unngå forureining av jord og vassdrag.

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.