Tolv nye vassdrag er prioritert

Bekk gjennom dyrka mark gir behov for ekstra omsyn.
Bekk gjennom dyrka mark gir behov for ekstra omsyn. Foto: Øyvind Vatshelle, SFVL.

Frå i år blir det mogleg å søkje om tilskot til ugjødsla kantsone i eng langs tolv nye vassdrag. Å halde ekstra avstand til vassdraget når ein spreier gjødsel på dyrka areal er viktig for å sikre god vasskvalitet.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 31.03.2022

Tilskot til ugjødsla kantsone i eng er no utvida frå 23 til 35 område. Ordninga er ein del av regionalt miljøprogram i Vestland. Sjå kart og oversikt i omtale av tilskotet.

Til gode for elvemusling, sjøaure og badegjestar

Vassdraga er vald ut fordi dei har særlege kvalitetar eller utfordringar. Her finn vi store vassdrag med elvemusling som Søreelva i Etne og viktige vassdrag for sjøaure som Steinsdalen i Kvam. Av vassdrag med mykje jordbruksareal kan vi nemne Storavatnet i Fitjar, Løyken i Sunnfjord og Tverrgrovi i Fjærland. Næringsrike, små vatn som Opelandstjørni i Voss og Solevatnet i Austrheim er òg med i ordninga.

Aktiv drift av jordbruksareala vil alltid påverke omgivnaden. I mange tilfelle går dyrkamarka ut til elvekanten, og når jordbruksareal ligg nær vassdrag er det risiko for at gjødsel og plantevernmiddel hamnar i vatnet. Tiltaket gjeld både gjødsling og bruk av plantevernmiddel, og vilkåra for tilskotet er strengare enn krava i anna regelverk.

Andre tiltak for å redusere arealavrenning

Med regional vassforvaltingsplan blir det no større innsats på å redusere diffus avrenning frå jordbruksareal. Ugjødsla kantsone i eng er eitt av fleire tiltak, men vil ikkje alltid gi god vasskvalitet aleine. Andre jordbrukstiltak kan vere redusert fosforgjødsling på næringsrik jord, spreiing av husdyrgjødsel tidlegare i sesongen, unngå jordarbeiding om hausten og ha breiare soner med buskar og tre mellom jordbruksareal og vassdrag.

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.