Tilskot til klimarådgjeving

Klimarådgjeving er eit viktig verktøy for jordbruket i arbeidet med å redusere klimagassutslepp og betre klimatilpassinga på det einskilde føretak. Auka satsing på klimarådgjeving er difor eitt av satsingsområda i Landbruket sin klimaplan.
Tilskot til klimarådgjeving vart innført i alle fylke frå og med 2021. I første omgang er tilskotet innført for ein pilotfase på tre år slik at det kan gjerast justeringar etter kvart som ein får erfaringar med tiltaket.
Krav til klimarådgjevinga:
Rådgjevinga og tiltaksplanen skal sikre ei god og heilskapleg klimarådgjeving med mål om at det skal gjennomførast klimatiltak på føretaket. Rådgjevinga skal omfatte ein heilskapleg gjennomgang av klimagassutslepp, karbonbinding og behov for klimatilpassing i produksjonen for heile føretaket. Føretaket skal ha ein gjennomgang av alle produksjonane i føretaket, òg i dei tilfella der det er både husdyrproduksjon og planteproduksjon.
Det kan berre gjevast tilskot for rådgjeving som er utført av tilbydarar som er godkjent av Landbruksdirektoratet. Norsk Landbruksrådgjeving og Tine tilbyr klimarådgjeving i Vestland.
Det skal utarbeidast tiltaksplan for kvart einskild føretak. Tiltaksplanen skal signerast av dei involverte rådgjevarane, og signert tiltaksplan må leggjast ved søknaden for at tilskot skal kunne godkjennast. Mal/skjema for tiltaksplan finn du her.
Det er mål om at klimatiltaka i tiltaksplanen skal gjennomførast, men det er ikkje krav til at tiltaka er gjennomført for å kunne tildelast tilskotet.
Det er kun mogeleg å søke tilskot for klimarådgjeving ein gong per søknadsomgang. Dersom ein søker ved fleire søknadsomgangar, må det kome fram av tiltaksplanen at det er gjennomført heilskapleg rådgjeving på nytt, og oppdatert tiltaksplan skal leggjast ved søknaden som dokumentasjon.
Det kan berre søkast tilskot for klimarådgjeving som er gjennomført sidan førre søknadsfrist. Det vil sei at det kan søkast tilskot for klimarådgjeving som er gjennomført etter 15. oktober i føregåande år, og rådgjeving og tiltaksplan må vere ferdigstilt innan søknadsfristen.
Tiltaksklassar, utmålingseining og førebelse tilskotssatsar
Ein-til-ein rådgjeving – låg sats Føretak med planteproduksjon |
kr 7 000 for fullført klimarådgjeving |
Ein-til-ein rådgjeving – høg sats Føretak med husdyr- og planteproduksjon |
kr 10 000 for fullført klimarådgjeving |
Grupperådgjeving, alle produksjonar | kr 5 000 for fullført klimarådgjeving |
(Tiltaket gjeld føretak som har gjennomført heilskapleg klimarådgjeving med godkjent rådgjevar sidan førre søknadsomgang. I samband med klimarådgjevinga skal det utarbeidast eigen tiltaksplan for føretaket, eventuelt at tidlegare tiltaksplan er oppdatert vesentleg. Tiltaksplan må leggjast ved søknaden.)