Tilskot til klimarådgjeving

Bilde som viser kyr som går ute  på grønt gras
Klimarådgiving med tiltaksplan for føretaket kan gi gode råd for mindre utslepp og betre tilpassing til eit endra klima. Foto: Norsk Landbruksrådgiving Vest.

Klimarådgjeving er eit viktig verktøy for jordbruket i arbeidet med å redusere klimagassutslepp og betre klimatilpassinga på det einskilde føretak. Auka satsing på klimarådgjeving er difor eitt av satsingsområda i Landbruket sin klimaplan.

Publisert 12.04.2021, Sist endret 24.04.2023

Tilskot til klimarådgjeving vart innført i alle fylke frå og med 2021. I første omgang er tilskotet innført for ein pilotfase på tre år slik at det kan gjerast justeringar etter kvart som ein får erfaringar med tiltaket. Føremålet med tilskotet er at bonden skal få rådgjeving om garden sitt klimaavtrykk og behovet for klimatilpassing på garden.

Krav til klimarådgjevinga

Rådgjevinga og tiltaksplanen skal sikre ei god og heilskapleg klimarådgjeving med mål om at det skal gjennomførast klimatiltak på føretaket. Rådgjevinga skal i størst mogeleg grad omfatte ein heilskapleg gjennomgang av utslepp og opptak av klimagassar frå alle produksjonar på føretaket, med sikte på å gjennomføre klimatiltak. Behov for klimatilpassing skal og inngå i rådgjevinga. Med utgangspunkt i det einsklide føretaket vil til dømes handtering av overflatevatn, drenering, praksis for jordarbeiding og dyrking vere aktuelle tema innan klimatilpassing. Føretaket skal ha ein gjennomgang av alle produksjonane i føretaket, òg i dei tilfella der det er både husdyrproduksjon og planteproduksjon.

Innhaldet i klimarådgjevinga og tilbydarane skal vere godkjente av Landbruksdirektoratet. Norsk Landbruksrådgjeving og Tine er godkjente tilbydarar av klimarådgjeving i Vestland. Det skal utarbeidast tiltaksplan for kvart einskild føretak. Tiltaksplanen skal signerast av dei involverte rådgjevarane, og signert tiltaksplan må leggjast ved søknaden for at tilskot skal kunne godkjennast.

Rådgjevinga og utarbeidinga av tiltaksplanen skal gje bonden kunnskap og motivasjon for å gjennomføre tiltak og forbetringar av drifta, for å redusere utslepp og tilpasse drifta til eit endra klima. Det er mål om at klimatiltaka i tiltaksplanen skal gjennomførast, men det er ikkje krav til at tiltaka er gjennomført for å kunne tildelast tilskotet.

Det er kun mogeleg å søke tilskot for klimarådgjeving ein gong per søknadsomgang. Dersom ein søker ved fleire søknadsomgangar, må det lagast ein ny tiltaksplan til kvar gong ein søkjer, der det er skildra kva tiltak som er gjennomført eller sett i gang sidan førre klimarådgjeving. Den nye tiltaksplanen må leggjast ved søknaden. Føretak som har både mjølke- og grovfôrproduksjon og som har gjennomført klimarådgjeving for kun ein av produksjonane tidlegare, kan enten ta klimarådgjeving på den produksjonen som ikkje vart tatt sist eller ta to-til-ein-rådgjeving med fullgjennomgang av heile føretaket. Desse føretaka treng ikkje ha ein gjennomgang av kva tiltak som er gjennomført eller sett i gang sidan sist i den nye tiltaksplanen, men den nye tiltaksplanen må leggjast ved søknaden.

Det kan berre søkast tilskot for klimarådgjeving som er gjennomført sidan førre søknadsfrist. Det vil sei at det kan søkast tilskot for klimarådgjeving som er gjennomført etter 15. oktober i føregåande år, og rådgjeving og tiltaksplan må vere ferdigstilt innan søknadsfristen.

Tiltaksklassar, utmålingseining og førebelse tilskotssatsar

To-til-ein rådgjeving:
kr 8 000 for fullført klimarådgjeving
Gjeld kun føretak med både mjølkeproduksjon og grovfôrproduksjon.
Ein-til-ein rådgjeving:
kr 6 000 for fullført klimarådgjeving
Gjeld føretak med ein eller fleire produksjonar der ein rådgjevar står for rådgjevinga. Gjeld òg der det ikkje er eit tilbod om rådgjeving med fleire rådgjevarar for føretak med både mjølke- og grovfôrproduksjon.
Grupperådgjeving, alle produksjonar kr 2 000 for fullført klimarådgjeving


(Tiltaket gjeld føretak som har gjennomført heilskapleg klimarådgjeving med godkjent rådgjevar sidan førre søknadsomgang. I samband med klimarådgjevinga skal det utarbeidast eigen tiltaksplan for føretaket, eventuelt at tidlegare tiltaksplan er oppdatert vesentleg. Tiltaksplan signert av rådgjevar må leggjast ved søknaden.)

 

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.

Søknadsinformasjon

Dette tilskotet er eit av fleire tilskotsordningar som er ein del av regionalt miljøprogram. Søknadsfrist 15. oktober.

Les meir om regionalt miljøprogram, inkl. søknadsinformasjon, på temasida til  RMP