Klimakalkulator og klimarådgjeving

Det norske landbruket er opptatt av å gjere drifta mest mogleg klimavenleg. Klimakalkulatoren og klimarådgjeving er to viktige hjelpemiddel for å redusere klimagassutslepp og binde karbon på den einskilde garden.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 24.11.2021

Jordbruket i Noreg står for 9,1 prosent av dei norske klimagassutsleppa. I perioden 1990-2020 har jordbruket redusert utsleppa med 6,4 prosent. Norsk jordbruk held fram med å gjere produksjonane mest mogleg klimavenlege. I jordbruket er det slik at jo betre agronomi, di betre er økonomien i drifta og di mindre klimagassar slepp drifta ut. God agronomi er difor nøkkelen til det meste.

Klimakalkulatoren er eit digitalt verktøy som heile landbruksnæringa står bak. Kalkulatoren gjev bonden oversikt over:

  • utslepp på garden
  • korleis ein kan redusere utslepp på garden
  • korleis ein kan binde karbon på garden

I 2020 var kalkulatoren ferdig for kumjølk, korn og gris og i 2021 er ammeku, grønt, fjørfe og sau òg kome med. Det er gratis å bruke kalkulatoren. For å få størst utbytte av kalkulatoren, kan ein kjøpe klimarådgjeving frå godkjente rådgjevarar. Det er dei aktørane som allereie tilbyr bonden rådgjeving, som òg kan gje klimarådgjeving. Kostnadene til klimarådgjeving kan ein få dekka gjennom dei regionale miljøtilskota.

Kalkulatoren hentar inn og samordnar data i landbruket på ein sikker måte etter gjeldande lovar og regelverk. Det er difor heilt trygt å bruke kalkulatoren. Opplysningane vert berre delt med andre om ein aktivt vel å dele.

Lenke til NLR Vest sin podkast om klimakalkulatoren i høgre marg.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.