SMIL- midlar kan betre vasskvaliteten

Det våte klimaet på Vestlandet set krav til handtering av vatn. SMIL-ordninga har fleire tiltak som både kan ta vare på jordbruksareala og betre vasskvaliteten i vassdraga.
Det er relativt få som søker om SMIL-midlar for å hindre avrenning til vatn, sjølv om mange kommunar prioriterer dette høgt i dei overordna retningslinjene. Vi har samla nokre døme på tiltak som kan få støtte. Hugs at tiltak i og nær vassdrag kan være søknadspliktige. Før ein gjennomfører tiltaka må ein undersøke kva regelverk som gjeld.
Utbetring av hydrotekniske anlegg
Tilskot til utbetring og supplering av hydrotekniske anlegg skal redusere risikoen for erosjon og avrenning. Vatn som flaumar inn på bøen tek med seg jord og næringsstoff, til skade for både jordbruksareal og vassdrag. Det kan vere nødvendig å reparere skadar og å auke dimensjonering i hydrotekniske anlegg som lukka bekk, kanal og kulvert eller stikkrenne der vatn blir leia gjennom vegfylling. Årsaka kan vere både skader på anlegget og underdimensjonering grunna klimaendringa.
Det er ikkje mogeleg å få SMIL-tilskot til vanleg drenering. Eit unntak kan vere avskjeringsgrøfter som ikkje er ein del av eit ordinært større dreneringsarbeid.
Les meir i NIBIO-rapport Tilpassing til eit endra klima.
Naturvennleg erosjonssikring
Handtering av erosjon og flaum vil bli viktigare i åra framover, men mange tiltak kan vere negative for det biologiske miljøet. Tradisjonell glatt plastring og steinsetting av elver kan gi god effekt mot erosjon, men har ei rekke negative miljøkonsekvensar. Døme på dette er lite varierte botnforhold for dyr og fisk, forringa kantsonevegetasjon og høgare fart på vatnet med hardare straumforhold.
Eit aktuelt SMIL-tiltak kan vere nedgrave tilbaketrekt steinsetting og ru steinutlegg. Dette gjev ein meir naturleg elvekant med positive ringverknader for planter og dyreliv. Utviding av elveløp kan òg gje meir plass til vatnet og redusere erosjonsproblem. Les meir om naturvenleg erosjonssikring i og langs vassdrag.
Vegetasjonssoner langs vassdrag
Vegetasjonssone langs vassdrag er ein naturleg erosjonssikring som stabiliserer og hindrar erosjon av elvebreidda og er viktig for livet i elva. Det beste for miljøet er ofte ein naturleg attgroing av arealet, men det er høve til å få SMIL-midlar til å plante kantvegetasjon langs bekker og elver. Det er særleg aktuelt langs jordbrukspåverka vassførekomstar der kantsona ikkje har ønska vegetasjon eller er mangelfull.
Du kan lese meir om kantvegetasjon her: Ta vare på den viktige kantvegetasjonen. Her finn du også ein rettleiar frå NVE og ei brosjyre om kantvegetasjon.
Gjenopning, fangdammar og andre tiltak
Tidlegare lukka bekker og vassdrag kan gjenopnast både for å få auka kapasitet til å ta unna ei større mengd overvatn ved flaum og for å tilbakeføre bekken til nærare naturleg tilstand. Du kan lese meir om dette her: Vassdragsrestaurering - Nibio
Arealavrenning frå jordbruksområde med intensiv husdyrproduksjon kan føre med seg store mengder fosfor, med fare for algevekst i ferskvatn. Ved å utvide eller demme opp bekkeløpet, kan ein etablere ein fangdam som kan halde tilbake fosfor. Det er ikkje behov for å søkje om omdisponering ved etablering av fangdam på jordbruksareal, då økologiske reinsetiltak er inkludert i kva som blir rekna som jordbruksproduksjon. Du kan lese meir her: Fangdammer og renseparker - Nibio
Fordrøyingsdammar og andre tiltak kan forsinke og helde vatnet tilbake lengre oppe i vassdraget, slik at flautoppene og erosjonsfaren blir mindre. Sjå NIBIO Flomtiltak i landbruksområder.»
Fagkompetanse og kartlegging
Før ein gjer tiltak i eller langs vassdrag bør ein søkje fagleg kompetanse innan fiske- eller vassdragsforvaltning. Det er høve til å søkje om tilskot til planlegging slik at ein kan inkludere fagpersonar i vurdering av tiltaket. For fleire vassdrag finst det rapportar som peiker på ønskelege tiltak. Nokre av desse kan vere aktuelle for SMIL-ordninga.


Kontaktpersonar
Kva er SMIL?
Tilskot til spesielle miljøtiltak i jordbruket skal motivere bønder til å gjere eit ekstra arbeid for å ta vare på verdiane i kulturlandskapet og redusere forureining frå jordbruket.
Tiltaka må vere utanom det som vert rekna som vanleg jordbruksdrift.
Kommunen er sakshandsamar og vurderer tiltaka.