Nye krav til gjødslingsplan og gjødseljournal frå 2026
Frå første januar 2026 gjeld nye krav til gjødslingsplan, og gamal forskrift om gjødslingsplanlegging blir oppheva.
Med dette er gamle fritak for gjødslingsplan oppheva, og det er kome nye grenser for når det er krav om gjødslingsplan. No skal alle dokumentere eiga gjødsling og det er strenge krav til maks mengde fosfor i gjødslinga. For mange mjølkebruk blir gjødslingsplanen viktig for å planlegge tilpassing til dei nye krava.
Kven som må ha gjødslingsplan og kva gjødslingsplanen skal innehalde er mellom anna omtalt i rettleiing frå landbruksdirektoratet, med utfyllande informasjon i rundskriv / kommentarar. Her peikar vi på nokre sentrale punkt.
Alle må skrive gjødseljournal frå og med 2026
Det er nytt krav frå 2026 om å føre gjødslingsjournal. Dette gjeld alle som brukar gjødselvare, også dei som gjødslar små areal, med lite gjødsel eller dei som ikkje har krav om gjødslingsplan! Journalen kan gjerne skrivast fortløpande, og må kunne leggjast fram for kontroll seinast 1. november same året.
Gjødseljournalen skal vise:
- kor og når det er gjødsla
- kva for type og mengd gjødsel som er brukt
- kor mykje nitrogen og fosfor som er tilført for kvart areal
- kor mykje nitrogen og fosfor som er brukt totalt
Dokumentasjon for husdyrgjødsel som blir gitt vekk
Frå 2026 må alle som gir vekk eller mottar større mengder husdyrgjødsel notere dette. Det kan gjerast i gjødseljournalen, òg skal vise mengd, type gjødsel, kg fosfor, dato og mottakar. Det bør òg vere ei kvittering mellom leverandør og mottakar som inneheld denne informasjonen.
Kravet om å notere gjeld når du gir vekk / sel eller mottar organisk gjødsel med meir enn 75 kg fosfor i løpet av eit år. Dette kan til dømes svare til rundt 150 kubikk gylle frå storfe. Ein må estimere innhald av fosfor ved å vurdere kor stor del av totalt gjødselvolum på føretaket som blir gitt vekk, samanlikna med normtal for fosfor i gjødsla frå dyra (vedlegg 1 til forskrifta).
Det må gå fram av gjødslingsplanen korleis eit eventuelt overskot av husdyrgjødsel skal handterast. For mindre volum av husdyrgjødsel som du gir vekk / sel eller mottar er det ikkje krav om å notere. Gjødsel du mottar må minimum inngå i gjødseljournalen.
Endring i kven som må ha gjødslingsplan
Om du må ha gjødslingsplan eller ikkje er no avhengig av kor stort areal du gjødslar. Alle som gjødslar meir enn 25 daa per år, skal ha gjødslingsplan. Dyrkar du potet eller grønsaker med sterkare fosforgjødsling enn dei generelle grensene, må du ha gjødslingsplan om arealet er større enn 5 dekar.
Grensa er knytt til kor mykje areal ein faktisk gjødslar, uavhengig av om du eventuelt disponerer større areal. Areal som berre blir tilført gjødsel frå beitande dyr blir rekna som ugjødsla i denne samanhengen. For å få fullt arealtilskot er det likevel forventa at areala vert gjødsla slik at dei gir normal avling.
Med ny forskrift blir det no krav om gjødslingsplan òg for sauebønder som tidlegare hadde fritak grunna få dyr og ekstensiv drift. Samstundes er det nokre frukt- og bær-produsentar som ikkje lenger får krav om gjødslingsplan, sjølv om dei driv intensivt.
For kraftig gjødsling er ikkje lovleg, sjølv om du driv små areal. Ein gjødslingsplan kan vere til nytte i denne vurderinga. Gjødslingsplan kan òg vere tilrådd for eigen del for å få god avling og kvalitet. Sjølv om det er fritak for gjødslingsplan er det krav om gjødslingsjournal.
Krav om jordprøver
Gjødslingsplanen skal vere basert på jordprøver. Dei som må ha gjødslingsplan, må dermed òg ta jordprøver. Jordprøvene skal ikkje vere eldre enn 8 år, med følgande unntak for maksimal alder på jordprøver:
- Potet og grønsaker med sterkare fosforgjødsling: 4 år
- Sterkare fosforgjødsling grunna balansegjødsling: 4 år
- Bruk av avløpsslam: 2 år
Sjølv om du ikkje har krav om gjødslingsplan kan det vere behov for å ta jordprøver for å vite at gjødslinga er tilpassa behovet til vekstane og næringsinnhaldet i jorda. Jamnlege jordprøver gir òg oversikt over kalkbehovet.
Gjødslingsplan for å vite at du følgjer krava
No er det innført grenser for kor mykje fosfor (P) ein maksimalt kan gjødsle med. Gjødslingsplanen blir eit viktig hjelpemiddel for å tilpasse seg desse krava for 2026 og framover. I Vestland kan ein til og med 2026 gjødsle med inntil 3,5 kg P/daa. I 2027-2029: 2,8 kg P/daa. I 2030-2032: 2,5 kg P/daa. Frå 2033: 2,3 kg P/daa. På innmarksbeite godkjent som spreieareal gjeld heile tida maksimalt 2,0 kg P/daa.
Dersom du ikkje får spreidd husdyrgjødsla på nok eige areal, må du levere gjødsel til andre gardbrukarar som har ledig areal, eller til andre som tek imot gjødsel for vidare handsaming, til dømes i biogassanlegg.
Bruk av balansegjødsling kan vere aktuelt frå 2027 for deg som har ekstra høge avlingar på heile føretaket. Ved å føre rekneskap som viser fosforstraumane inn og ut frå føretaket kan du dokumentere at avlinga treng enno meir fosfor enn dei generelle grensene. Til potet og grønsaker som krev mykje fosfor, kan du òg gjødsle meir enn dei generelle grensene.
Du kan gjødsle meir enn fosforgrensa på noko areal og tilsvarande mindre andre plassar dersom der er grunngjeve i gjødslingsplanen. Ved nydyrking og fosforfattig jord kan ein søkje til statsforvaltaren om å gjødsle aktuelt areal meir enn grenseverdiane, dersom det er behov ut frå fosfornivået i jorda og avlinga sitt fosforbehov.
Dersom du har lite eller ingen husdyrgjødsel sjølv, men tek imot organisk gjødsel frå andre, gjeld fosforgrensa som gjennomsnitt over tre år. Då kan du gjødsle meir enn grensa det året du tek imot gjødsel, og tilsvarande mindre dei neste åra.
Ny plan eller gjenbruk av fjorårets gjødslingsplan
Hugs at gjødslingsplanen er eittårig. Planen skal vere klar før vekstsesongen tek til.
Det er forventa full gjennomgang av gjødslingsplan når ein tek nye jordprøver. Ein må òg lage ny plan dersom det skjer vesentlege endringar. Slike endringar kan vere auke i produksjonen, ny leigejord, bortfall av leigejord, store volum husdyrgjødsel gitt vekk eller motteke, og endra gjødslingsnivå tilpassa endra maksgrenser for fosforgjødsling.
Dersom det er behov for mindre endringar i planen kan føretaket sjølv justere planen frå året før. Årsaka til endringar må komme klart fram, samt kva den nye gjødslinga skal vere. Det er viktig at årsak til endring og ny planlagt gjødsling er tydelege både for den som skal gjødsle og for den som skal kontrollere planen. Årsaker til endringar kan vere mindre attlegg, bortfall av leigejord som ikkje er avgjerande for fosforkrava, mindre endringar i gjødselsortiment eller anna. Ein må vurdere om endringane er så store at det beste er å få utarbeidd ein heilt ny plan. Planen må framleis tilfredsstille krava til ein gjødslingsplan, til dømes kor mykje fosfor som er planlagt til ulike areal (kilo per dekar).
Det kan vere aktuelt å bruke den same planen som førre år, dersom du har ei enkel driftsform, lite variasjon i arealbruken eller ekstensiv drift som gjer at gjødslingsbehovet varierer lite på dei ulike skifta frå år til år. Døme på produksjonar som moglegvis kan nytte same planen over fleire år er frukt- og bær i år med lite fornying, og einsidig grasproduksjon med mykje varig grasmark. Det er ikkje behov for søknad til kommunen for å kunne bruke same gjødslingsplanen som førre året.
Tidlegare fritak gjeld ikkje lenger
Tidlegare vedtak om fritak frå krav til gjødslingsplan eller løyve til å ha fleirårig gjødslingsplan er oppheva frå 1. januar 2026, når forskrift om gjødslingsplanlegging er oppheva.
Eventuell dispensasjon frå kravet om gjødslingsplan
Du kan ikkje lenger søke til kommunen om fritak frå krav om gjødslingsplan, slik ein kunne til og med 2025. I særlege tilfelle kan du likevel søkje Statsforvaltaren om dispensasjon frå kravet. Dette kan til dømes vere aktuelt ved ekstra ekstensiv drift. Kvar søknad blir vurdert for seg. Det vil bli utarbeidd eit eige søknadsskjema for dette.