Godkjenning for å gjødsle innmarksbeite

I Vestland er innmarksbeita ein viktig ressurs i matproduksjonen. Med nytt regelverk kan ein berre spreie gjødsel på innmarksbeite som er godkjent som spreieareal.

Publisert 26.09.2025
Det kan vere store beitevidder på eit mjølkebruk som satsar på beiting, her frå Sveio kommune. Mykje blir gjødsla, men det er også område med artsrik naturbeitemark, område utan tilkomst og uproduktivt areal med berg og treklynger. Foto: Øyvind Vatshelle, SFVL.

Innmarksbeita utgjer om lag 40 % av jordbruksarealet i fylket, og gjev viktig fôr til både mjølkekyr, kjøttfe og sau. I fleire kystkommunar utgjer innmarksbeita 50-70 % av jordbruksarealet.

Nokre av kommunane i fylket står midt i eit omfattande arbeid med å godkjenne beite. Statsforvaltaren har tett kontakt med kommunane om korleis oppgåva kan bli løyst. Vi har laga ein rettleiar, og vi har møte og synfaringar. Her får vi diskutert konkrete problemstillingar, som fråtrekk av uproduktive areal, avstand til vassdrag og tilkomst med spreieutstyr.

Ofte er det ønskjeleg med gjødsling av innmarksbeita for å få mykje gras og god kvalitet. Andre plassar er det høgt biologisk mangfald, som ikkje toler gjødsel. Det finst, til dømes, truga beitemarksopp på mange innmarksbeite. Vi reknar med at det er mykje artsrike innmarksbeite som ikkje er kartlagt enno. 

Det vert truleg ønskje om meir gjødselspreiing på beite når det frå 2027 gradvis vert auka krav til at husdyrgjødsla skal verte spreidd på større areal. Samstundes er det krav om at mjølkekyr skal beite i 12-16 veker i året. Då er innmarksbeita viktige. 

Undersøkingar viser at nær 60 % av arealet med innmarksbeite vert gjødsla med anten husdyrgjødsel, mineralgjødsel eller begge delar. Av mest tusen mjølkebønder i Vestland svarar 60 % at dei normalt spreier husdyrgjødsel på innmarksbeite i dag. Bruk av mineralgjødsla er også viktig, særleg  for å få gode og tidlege vårbeite til sau, så lamma veks seg store nok før dei skal på fjellbeite.

Nokre innmarksbeite vert for lite brukt og står i fare for å gro til med tre og ugras. Dette skuldast både stor avstand til fjøset, færre dyr på beite  og at mange driv meir ekstensivt. Såleis står vi i fare for tap av biologisk mangfald på mange beite. Både beitemarksopp og beiteblomstrar treng beiting og open vegetasjon, for å unngå å bli konkurrert ut av frodig gras og kratt.

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.