Tilskot til klimatiltak i landbruket

Landbruksnæringa har forplikta seg til å redusere klimagassutsleppa og auke opptak av karbon i jorda med 5 millionar tonn CO2- ekvivalentar fram mot 2030. Det finst fleire tilskotsordningar for klimatiltak på garden.

Publisert 01.12.2020

God agronomi er bra for produksjonen, samstundes som det er eit godt klimatiltak. Måten du driv garden på er med på å avgjere utslepp av klimagassar og kor mykje karbon som vert bunde. Nokre av klimatiltaka på garden kan du også få støtte til.

Tabell: Oversikt over tilgjengelege støtteordningar for vestlandsbonden og kven som har ansvar for ordninga.

Område Tiltak Støtteordningar Ansvar for ordninga
Areal Drenering Tilskot til drenering Kommunen
Gjødsling Miljøvennleg spreiing av husdyrgjødsel med nedfelling eller nedlegging, eventuelt i kombinasjon med tilførselsslange RMP Kommunen
 

Nytt gjødsellager

Investering og bedriftsutvikling i landbruket (IBU)

Innovasjon Norge

 

Dekke over eksisterande gjødsellager

SMIL

Kommunen

  Biogass frå husdyrgjødsel

Leveringsstøtte

Bioenergiprogrammet

Landbruksdirektoratet

Innovasjon Norge

Energi Bio og fornybar energi i køyretøy ENOVA ENOVA*
  Bio og fornybar energi i oppvarming
Gardsvarmeanlegg
Bioenergi av treflis

Verdiskapingsprogrammet for fonybar energi i landbruket

(ENOVA)

Innovasjon Norge

 

(ENOVA)*

Landbruksbygg Tre i landbruket Investering og bedriftsutvikling i landbruket (IBU) Innovasjon Norge
  Solcellepanel på landbruksbygg Verdiskapingsprogrammet for fonybar energi og teknologi i landbruket Innovasjon Norge
Skog Planting av skog Tilskot til nærings- og miljøtiltak i skogbruket (NMSK) Kommunane
Klimarådgjeving Rådgjeving og utarbeiding av tiltaksplan på garden om klimatiltak og klimatilpassing RMP Kommunane

*ENOVA: pr dags dato er tilskotsordninga gjennom ENOVA lite relevant for landbruket

Kunnskap om garden sine klimagassutslepp

Klimakalkulatoren er eit digitalt verktøy for den norske bonden. Den gjev ei oversikt over utslepp og kva moglegheiter du har for å redusere utslepp og binde karbon på garden. Kalkulatoren er klar for mjølkeproduksjonen, korn og gris.

Les meir om klimakalkulatoren

Les meir om klimatiltak i Bondeboka :

Kontaktpersonar hos Fylkesmannen:

Område Kontaktperson
Drenering Trude Knagenhjelm, Randi Erdal
Regionalt miljøprogram (RMP) Liv Astrid Norheim Kusslid, Øyvind Vatshelle
SMIL Trude Knagenhjelm, Randi Erdal
Biogass frå husdyrgjødsel Bastian Hoffmann
Landbruksbygg Dirk Kohlmann
Skog Dirk Kohlmann

 

Referansar:
Landbruksdirektoratet og Miljødirektoratet 2018. Klimatiltak i jordbruket- gjennomgang av ordninger med støtte til klimatiltak på gårdsbruk. Rapport 14/2018.