Alver, Austrheim og Norsk Landbruksrådgiving kandidat til nasjonal jordvernpris

Jordmasseprosjekt på Toppe i Bergen 2018 - 2019
Jordmasseprosjekt på Toppe i Bergen 2018 - 2019 Foto: Per Toppe.

På to år har Norsk Landbruksrådgiving og kommunane drive rådgiving, planlegging og sakshandsaming for modernisering av nærare 2.000 dekar jordbruksland ved nytting av overskotsmassar.

Publisert 19.05.2021

Å utvikle den jorda vi har, og setje ein faktisk pris på den, er eit bidrag til jordvernet. Dersom prisen for å omdisponere eksisterande jordbruksareal, vert kostnaden ved å nytte massane til «bygging» av ny jord, så er det også jordvern.

Statsforvaltaren i Vestland har meldt inn Alver og Austrheim kommunar, saman med Norsk Landbruksrådgiving Vest, som Vestland sin kandidat til nasjonal jordvernpris 2021:

Grunngjevinga er at aktørane gjennom fleire år saman har etablert og implementert ei verktykasse for bruk av overskotsmassar til landbruksføremål. Denne har vist seg å gje gode og regionalt monalege resultat i form av eit hundretals dekar nye og moderne landbruksareal i året, og med det etablert ein verdi for landbruksjord som vonleg vil få konsekvensar for jordvernet i kommunane i framtida.

Kandidatane har sidan 2014 utvikla verktøy til «bygging» av nytt jordbruksland, i form av handbøker og avtaleverk for gardbrukarar, entreprenørar og kommunal sakshandsaming, knytt til prosjekt for nytting av overskotsmassar frå bygg og anlegg til betring av eksisterande- eller bygging av ny landbruksjord.

Sidan ferdigstillinga av dette arbeidet i 2019, har Norsk Landbruksrådgiving Vest drive rådgjeving og laga planar for prosjekt på nær 1.500 dekar, hovudsakeleg til vegentreprenørar i Vestland, men også i andre delar av landet. I tillegg har kommunane drive rådgjeving og sakshandsaming i saker som femner fleire hundre dekar, knytt til gardsbruk og ferdigstilling av eldre massedeponi til jordbruksføremål.

Statsforvaltaren meiner dette bør stå som modell for andre regionar: Om planleggings- og byggetakta held fram, kan ein utan nemneverdig overdriving seie at «ein bygger moderne landbruksjord fortare enn kommunane klarer å omdisponere den gamle».

Nasjonal jordvernpris vert delt ut av Landbruks- og matdepartementet annakvart år, etter vurdering av ein fagjury sett ned av LMD og KS. Kåring av vinnar og tildeling av pris vil venteleg skje over sommaren.