Praktisk informasjon

Her finn de praktisk informasjon om kurs, eksamen og bevis.

Publisert 12.01.2023, Sist endra 11.01.2024

Autorisasjon for plantevern – første gong

Første gongen du søkjer autorisasjon for plantevern må du gjennomføre ein kurspakke på to delar. Ein teoretisk del og ein praktisk del der du avslutningsvis tek eksamen. For å få autorisasjon for bruk av gnagarmiddel må du gjennomføre eit teorikurs med avsluttande eksamen.

Fornying av autorisasjon

Fornying av eksamen i autorisasjon for bruk av plantevernmiddel og gnagarmiddel må du gjere innan det har gått 10 år. Ved fornying av autorisasjonsbevis for bruk av plantevernmiddel, treng du berre å gjennomføre teoridelen. Det kan likevel vere god repetisjon å gjennomføre både teoretisk og praktisk del. Autorisasjon for bruk av plantevernmiddel kan som eit alternativ fornyast ved kurs og eksamen på nett (Mattilsynet.no).

Når kjem beviset etter eksamen?

Det tek om lag 6-8 veker frå du tek eksamen til du får beviset i posten. Det skjer dersom du står på eksamen, og kommunen har godkjent din rett til å få autorisasjon. Stryk du på eksamen får du beskjed frå Statsforvaltaren per e-post innan 2 veker. Du kan be om å ta eksamen på nytt gjennom landbrukskontoret i din bustadkommune.

Midlertidig autorisasjonsbevis

Har du mista autorisasjonsbeviset, kan kommunen bestille eit duplikat eller skrive ut eit midlertidig autorisasjonsbevis for deg. Du kan også be om eit midlertidig bevis dersom du treng det før du har fått originalbeviset i posten.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.