Dagssamling om kvalifiseringsprogrammet

Dato:
14. oktober 2020 10:00 - 16:00
Stad:
Scandic Sunnfjord hotell, Storehaugen 2, Førde
Arrangør:
Fylkesmannen i Vestland i samarbeid med Nav Vestland
Målgruppe:
Nav-tilsette som arbeider med KVP eller som skal arbeide med KVP - og som har lita erfaring med tenesta

Målet med samlinga er å auke bruk av kvalifiseringsprogrammet i Nav-kontor som har få deltakarar i kvalifiseringsprogrammet og/eller lita erfaring med tenesta. 

Publisert 26.06.2020

Fylkesmannen i Vestland inviterer i samarbeid med Nav Vestland til dagssamling om kvalifiseringsprogrammet (KVP). 

På samlinga vil vi ha ein kort gjennomgang av regelverket om KVP og eit Nav-kontor vil dele sine erfaringar om korleis dei finn aktuelle kandidatar til KVP og korleis dei lagar gode KVP-program.

Program for samlinga og presentasjonar fra Fylkesmannen og Nav Vestland finn du under fana "Dokument".

Eigne førebuingar til samlinga

For at du skal få størst mogeleg utbytte ber vi om at du før samlinga har lest regelverket om KVP i Rundskriv 35 til sosialtjenesteloven, frå paragraf 29 til paragraf 40. Rundskrivet finn du under fana "Lenkjer".        

Dersom du har spørsmål eller problemstillingar knytt til KVP, om regelverket eller arbeidet med KVP, så send dei på e-post innan påmeldingsfrist til Fylkesmannen ved Siren R. Skjerven. Kontaktinformasjon finn du under fana "Kontaktpersonar". På samlinga vil vi prøve å svare på dei spørsmål som vi har motteke innan frist, og som er aktuelle for samlinga.

Praktisk om samlinga

Dersom det blir fleire påmelde enn tal plassar vil vi prioritere slik at flest mogeleg Nav-kontor med få KVP-deltakarar får delta.

Samlinga blir i utgangspunktet i Førde. Vi minner om grunnleggande føringar for smittevern knytt til møter og kursverksemd. Dersom du har akutt luftvegsinfeksjon, mistenkjer at du er sjuk med koronaviruset eller har fått stadfesta smitte, ta kontakt med arrangør. Hotellet følgjer myndigheitenes anbefalingar for smittevern. Les meir om smittevern knytt til arrangement på Folkehelseinstituttet si heimeside.

Dersom det ikkje lar seg gjere å gjennomføre samlinga fysisk grunna koronasituasjonen, vil samlinga bli digital via plattforma Teams. Påmelde til samlinga vil då få tilsendt ei lenke.

Kostnad

Samlinga er gratis. Fylkesmannen bestiller og dekker overnattingsutgifter frå 13-14. oktober for deltakarar som har lang reiseveg; tre timar eller meir. Meld frå om du treng overnatting i påmeldingsskjemaet. 

Fylkesmannen dekker ikkje reiseutgifter.

Dato:
14. oktober 2020 10:00 - 16:00
Stad:
Scandic Sunnfjord hotell, Storehaugen 2, Førde
Arrangør:
Fylkesmannen i Vestland i samarbeid med Nav Vestland
Målgruppe:
Nav-tilsette som arbeider med KVP eller som skal arbeide med KVP - og som har lita erfaring med tenesta