Gjennomgang av budsjett og økonomiplanar

Kommunane sender budsjett 2020 og økonomiplan 2020 – 2023 til Fylkesmannen, som går gjennom dokumenta etter kommunelova med forskrifter og retningslinjer.

 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 07.05.2020

For kommunar som ikkje er under statleg kontroll og godkjenning (Robek-registrerte) er dokumenta sendt til Fylkesmannen til orientering, jf. kommunelova § 14-3 fjerde ledd. Fylkesmannen skal ikkje godkjenne budsjett og økonomiplan for desse kommunane. Men vi kontrollerer at budsjett og økonomiplan er i balanse og at det ikkje er budsjettert med uspesifiserte innsparingar, som er knytt til om ein kommune skal registrerast i Robek. For kommunar som er registrerte i Robek gjer vi ein grundigare gjennomgang av planane, og skal godkjenne låneopptaket som kommunestyret har vedteke for budsjettåret.

Alle kommunane får ei tilbakemelding i eit brev om korleis Fylkesmannen vurderer kommunens økonomi og utviklinga slik den er planlagt i budsjett og økonomiplan. Der det er manglar etter forskrift om budsjett og økonomiplan, eller andre særlege avvik etter lover og forskrifter, har vi påpeika dette og bede kommunen følgje opp. Etter kvart som vi har gjort gjennomgangen og sendt brevet til kommunen, blir dette lagt ut under denne artikkelen. Når gjennomgangen er gjort for alle kommunane, lagar vi ei samla oppsummering med vurdering for kommunane i Vestland. For kommunar som er/blir registrert i Robek, blir brevet til kommunen lagt ut i ein eigen artikkel.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.