Omsorgstenester

Oppdatert 08.04.2024

Kommunen har ansvar for tenestetilbodet til alle menneske med behov for pleie- og omsorgstenester, uavhengig av alder eller diagnose. Omsorgstenester skal organiserast slik at den enkelte så lenge som råd kan leve og bu sjølvstendig og ha eit aktivt og meiningsfullt liv i fellesskap med andre. Tenestene skal utformast i samråd med brukaren. Statsforvaltaren fører tilsyn og kontroll med dei kommunale tenestene. 

Fleire typar omsorgshjelp

Hjelp til den enkelte kan bli gitt som råd og rettleiing, heimehjelp, heimesjukepleie, personleg assistanse eller anna praktisk hjelp, støttekontaktar, og avlasting eller løn til personar med særleg tyngjande omsorgsarbeid.

Omsorgsbustad er ikkje omsorgshjelp

Tildeling av omsorgsbustad er ikkje heimla i helse- og omsorgslova, og er altså i utgangspunktet ein ordinær utleigebustad. Kommunen yter teneste og hjelp til den som ikkje klarer seg sjølv i ein slik bustad, på same måte som i vanlege heimar.

Du kan klage på omsorgshjelp

Du kan klage dersom du meiner at du ikkje får dei omsorgstenestene du har krav på, eller dersom du er usamd i korleis kommunens vurderer behovet ditt. For at den som har gjort vedtaket du er usamd i, skal få høve til å endre standpunkt, skal du sende klagen din til kommunen. Dersom klagen ikkje når fram, blir klagen automatisk send vidare til Statsforvaltaren for endeleg avgjerd. 

Vis meir

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Publisert 15.03.2019

Habilitering og rehabilitering i kommunane – kva er status i 2019?

Helsedirektoratet sender om kort tid ut ei spørjeundersøking med svarfrist 5. april 2019.


Publisert 21.01.2019

Rapportering 2018 - kompetanse- og innovasjonstilskotet

Kommunar i Hordaland som har fått kompetanse- og innovasjonstilskot i 2018, må rapportera innan 22. mars 2019.

For kommunar i Sogn og Fjordane er rapporteringsfristen 1. april 2019.