Nytt tolkingsbrev om sosialtenestelova
Arbeids- og inkluderingsdepartementet har avklart spørsmål om korleis Nav skal vurdere barnetrygda ved berekning av økonomisk stønad etter sosialtenestelova.
Publisert 10.03.2023
Det står i lova at Nav ikkje skal ta omsyn til barnetrygd ved vurdering av søknader om økonomisk stønad, men ikkje alle sider ved dette er avklart i lovteksten. Vi stilte difor nokre spørsmål til Arbeids- og velferdsdirektoratet. Dei har etter dialog med Arbeids- og inkluderingsdepartementet no svart på spørsmåla:
- Skal Nav ta omsyn til barnetrygd som over tid er samla opp på ein eigen konto?
- Korleis skal Nav handtere større etterbetalingar av barnetrygd?
- Kva med barnetrygd og økonomisk stønad i ein naudssituasjon, såkalla naudhjelp?
I brevet datert 2. mars 2023 avklarar direktoratet korleis Nav og statsforvaltarane skal praktisere regelverket på desse tre områda. Du finn brevet under «Dokument».