Nytt tolkingsbrev om sosialtenestelova

Arbeids- og inkluderingsdepartementet har avklart spørsmål om korleis Nav skal vurdere barnetrygda ved berekning av økonomisk stønad etter sosialtenestelova.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 10.03.2023

Det står i lova at Nav ikkje skal ta omsyn til barnetrygd ved vurdering av søknader om økonomisk stønad, men ikkje alle sider ved dette er avklart i lovteksten. Vi stilte difor nokre spørsmål til Arbeids- og velferdsdirektoratet. Dei har etter dialog med Arbeids- og inkluderingsdepartementet no svart på spørsmåla:

  • Skal Nav ta omsyn til barnetrygd som over tid er samla opp på ein eigen konto?
  • Korleis skal Nav handtere større etterbetalingar av barnetrygd?
  • Kva med barnetrygd og økonomisk stønad i ein naudssituasjon, såkalla naudhjelp?

I brevet datert 2. mars 2023 avklarar direktoratet korleis Nav og statsforvaltarane skal praktisere regelverket på desse tre områda. Du finn brevet under «Dokument».

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.