Tilskotet nasjonal ALIS og veiledning

Tilskotet er revidert og vil gjere søknadsprosessen for kommunar som vil inngå avtalar med allmennlegar i spesialisering (ALIS) samla og forenkla. Søknadsfristen er 1. oktober.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 09.09.2022, Sist endra 09.09.2022

Helsedirektoratet endrar tilskotsordninga for å gjere det enklare for kommunar å tilby ALIS-avtale til fleire allmennlegar. Eksisterande tilskot til ALIS-avtalar og rettleiing av LIS3 blir derfor erstatta av den nye ordninga. Tilskotet er lyst ut på Helsedirektoratet si nettside, med frist 1. oktober.  

Endringane i den nye tilskotsordninga er:

  • Dei tidlegare ordningane ALIS-avtale og rettleiing til LIS3 er slegne saman i den nye ordninga. Dette gjer at kommunen berre treng å sende ein søknad.
  • Tilskotet vart utlyst 17. mars 2022. Kommunen kan søke tilskot løpande for perioden 1. januar til og med 1. oktober.
  • Tilskot vert utbetalt på etterskot. Kommunane søkjer i etterkant av perioden, og kan forhalde seg til førehandsdefinerte tilskotsbeløp som varierer med stillingstype, stillingsandel og varigheit. Dersom kriteria i tilskotsregelverket er oppfylte, vil kommunen få utbetalt det tilskotsbeløpet dei har krav på.
  • Eigenandelen for kommunane fell vekk.
  • Ingen krav om innsending av individuell utdanningsplan, fastlege/vikaravtale og rekneskap med eigenfinansiering.
  • Ingen krav om rapportering.

Hensikta med tilskotet er å få fleire legar til å starte opp med og fullføre spesialisering i allmennmedisin. Les meir om endringane i tilskotsordninga på nettsida til Helsedirektoratet.

ALIS Vest kan hjelpe kommunane ved behov for rettleiing i søknadsprosessen. Regelverket for tilskotet finn du under «Dokument».

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.