Oversikt over kurs for LIS1 våren 2022

For deg som starta som LIS1 i kommunehelsetenesta mars 2022.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 27.01.2022

Her er ei oversikt over kurs for deg som skal ha LIS1 i Vestland våren 2022:

Kommunane har ansvar for opplæring i nødnett. Helse Førde legg til rette for at de som tek kurs i akuttmedsin i Førde får eit kurs i bruk av nødnett før de byrjar i legevakt. Kurset i nødnett vert halde som kveldskurs 8. mars. Dette må kommunane dekke for dykk. Arrangøren sender ut faktura i etterkant av kurset. Påmelding og informasjon om kurset finn de i Læringsportalen til Helse Førde .

I tillegg vil Helfo arrangera eit digitalt kurs over tre timar, knytt opp mot takstbruk og legemiddel (blå resept) 17. mars frå 09.00-12.00. Invitasjon til kurset og oppkoplingslenke er sendt ut per e-post frå Helfo. 

Vi minner om grunnleggande føringar for smittevern knytt til møte- og kursverksemd.  Les meir om smittevern knytt til arrangement på Folkehelseinstituttet si heimeside.

Reiseutgifter

Vi dekker reiseutgifter tilsvarande rimelegaste reisemåte (andre reisealternativ må eventuelt avklarast med Statsforvaltaren på førehand). Det vert ikkje gitt nattillegg eller kostgodtgjersle. Sjå òg rettleiing honorar og reiser for eksterne.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.