Andre grupperettleiing

Dato:
7. juni 2022 11:30 - 8. juni 2022 13:00
Stad:
Park Hotel Vossevangen
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland
Målgruppe:
LIS1
Påmeldingsfrist:
23. mai 2022 23:59

Grupperettleiinga er eit fagleg supplement til supervisjon og individuell rettleiing i del 1 i kommunane og skal sikre kvaliteten i tenesta.

Publisert 12.05.2022

Velkomen til andre og siste grupperettleiing. Vi startar litt seint på tysdagen så alle får kome seg til Voss. Det vert servert lunsj ved frammøte frå klokka 11.30 før me startar programmet klokka 12.30. Vi gler oss til å høyre om alle erfaringar frå LIS1-tida i kommunen!

Ver obs på førebuingane til samlinga som er skildra i programmet.

Reiseutgifter

Sjekk vegmeldingar og forsøk å køyre saman, det er hyggjelegare og meir miljøvenleg! Ta gjerne kontakt med LIS1 i nabokommunen for å avklare reisemåte. 

Vi dekker reiseutgifter tilsvarande rimelegaste reisemåte (andre reisealternativ må eventuelt avklarast med Statsforvaltaren på førehand, det gjeld og flyreiser). Det vert ikkje gitt nattillegg eller kostgodtgjersle. Sjå òg rettleiing honorar og reiser for eksterne. 

 

Dato:
7. juni 2022 11:30 - 8. juni 2022 13:00
Stad:
Park Hotel Vossevangen
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland
Målgruppe:
LIS1
Påmeldingsfrist:
23. mai 2022 23:59