Kvalifiseringsstønad og utdanning som del av kvalifiseringsprogram

Nav skal ikkje avkorte kvalifiseringsstønad mot stipend eller lån frå Lånekassen.  

Publisert 29.08.2022, Sist endra 31.10.2025

Utdanning kan vere ein del av kvalifiseringsprogrammet viss det er eigna til å styrke deltakarens moglegheiter for overgang til arbeid. Hovudmålet med kvalifiseringsprogrammet skal vere arbeid. Varigheita av programmet er to år, og målet er å kvalifisere til arbeid i den perioden. Nav må gjere ei konkret og individuell vurdering av om utdanning vil auke deltakarens sjanse for arbeid.

En person som deltek i kvalifiseringsprogrammet kan få støtte frå Lånekassen samtidig som vedkommande er i programmet. Dersom personen oppfyller vilkåra for deltaking i kvalifiseringsprogrammet, er det ikkje relevant kva finansieringsmoglegheiter personen har – det gjeld blant anna ytingar frå Lånekassen.

I Prop. 12 L (2018-2019) på side 29 står det: "Det avgjørende ved innvilgelse av kvalifiseringsprogram ved behov for opplæring eller utdanning, er om søkeren er i stand til å fullføre dette uten den tette bistanden fra kommunen som kvalifiseringsprogrammet innebærer, og om vedkommendes behov kan dekkes innenfor programmet. Det er derfor ikke relevant hvilke finansieringsmuligheter søkeren har, som for eksempel Lånekassen."

Sosialtenestelova paragraf 38 regulerer samordninga mellom kvalifiseringsstønad og andre offentlege ytingar, og det står at «Kvalifiseringsstønaden reduseres i den utstrekning vedkommende har rett til dagpenger under arbeidsløshet, sykepenger, eller foreldrepenger.»

Stipend og lån frå Lånekassen er altså ikkje ei offentleg yting Nav kan samordne kvalifiseringsstønad med.

Kvalifiseringsstønad er ei skattbar inntekt. Det betyr at stipend frå Lånekassen kan bli omgjort til lån, eller redusert, når mottakaren har kvalifiseringsstønad. Det er nødvendig at deltakarar i kvalifiseringsprogrammet som har stipend frå Lånekassen, eventuelt i samarbeid med Nav-rettleiar, kontaktar Lånekassen for å undersøke kva konsekvensar kvalifiseringsstønaden vil ha for stipendet. Det er lågare inntektsgrense for trygdeordningar (gjeld også kvalifiseringsprogrammet). Les meir om inntektsgrense på Lånekassen sine nettsider.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.