Kvalifiseringsstønad og utdanning som del av kvalifiseringsprogram

Nav skal ikkje avkorte kvalifiseringsstønad mot stipend eller lån frå Lånekassen.  

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 29.08.2022

Utdanning kan vere ein del av kvalifiseringsprogrammet viss det er eigna til å styrke deltakarens moglegheiter for overgang til arbeid. Hovudmålet med kvalifiseringsprogrammet skal vere arbeid. Varigheita av programmet er to år, og målet er å kvalifisere til arbeid i den perioden. Nav må gjere ei konkret og individuell vurdering av om utdanning vil auke deltakarens sjanse for arbeid.

En person som deltek i kvalifiseringsprogrammet kan få støtte frå Lånekassen samtidig som vedkommande er i programmet. Dersom personen oppfyller vilkåra for deltaking i kvalifiseringsprogrammet, er det ikkje relevant kva finansieringsmoglegheiter personen har – det gjeld blant anna ytingar frå Lånekassen.

I Prop. 12 L (2018-2019) på side 29 står det: "Det avgjørende ved innvilgelse av kvalifiseringsprogram ved behov for opplæring eller utdanning, er om søkeren er i stand til å fullføre dette uten den tette bistanden fra kommunen som kvalifiseringsprogrammet innebærer, og om vedkommendes behov kan dekkes innenfor programmet. Det er derfor ikke relevant hvilke finansieringsmuligheter søkeren har, som for eksempel Lånekassen."

Sosialtenestelova paragraf 38 regulerer samordninga mellom kvalifiseringsstønad og andre offentlege ytingar, og det står at «Kvalifiseringsstønaden reduseres i den utstrekning vedkommende har rett til dagpenger under arbeidsløshet, sykepenger, eller foreldrepenger.». I eit brev frå Arbeids- og velferdsdirektoratet 12. juli 2018 om kvalifiseringsstønad og fosterheimsgodtgjersle går det fram at direktoratet legg til grunn at føresegna er uttømmande når det gjeld kva offentlege ytingar som kan føre til at Nav skal avkorte kvalifiseringsstønaden.

Kvalifiseringsstønad er ei skattbar inntekt. Det betyr at stipend frå Lånekassen kan bli omgjort til lån, eller redusert, når mottakaren har kvalifiseringsstønad. Det er nødvendig at deltakarar i kvalifiseringsprogrammet som har stipend frå Lånekassen, eventuelt i samarbeid med Nav-rettleiar, kontaktar Lånekassen for å undersøke kva konsekvensar kvalifiseringsstønaden vil ha for stipendet. Det er lågare inntektsgrense for trygdeordningar (gjeld også kvalifiseringsprogrammet). Les meir om inntektsgrense på Lånekassen sine nettsider.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.