Vi innfører telefontid

Helse-, sosial- og barnevernsavdelinga startar med telefontid frå tysdag 21. oktober. Vi blir då meir tilgjengelege for dei som treng å komme i kontakt med oss.

Publisert 16.10.2025

Nytt telefonnummer til avdelinga er 55 57 27 00. Vi blir tilgjengelege på telefon tysdag, onsdag og torsdag frå klokka 12.00 til 14.00.

Vi oppmodar alle om å bruke «Send sikker melding» eller eige skjema for å klage viss du ikkje er nøgd med helsehjelpa du har fått.

Barn og ungdom som har kontakt med barnevernet, har rett til å klage. Du finn meir informasjon her: Barn og unge sin rett til å klage på barnevernet | Statsforvaltaren i Vestland

I telefontida set vi av tid til å svare på telefonar, og blir på denne måten meir tilgjengelege enn før. Den tida vi ikkje er tilgjengelege på telefonen nyttar vi til å effektivisere sakshandsaminga vår. Vi innhentar informasjon etter eiga vurdering i sakshandsaminga vår. Har du meir informasjon i saka di treng du ikkje ringe, men bruke «Send sikker melding». Vi har skriftleg sakshandsaming, og sakshandsamar ikkje per telefon.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar

Kontakt helse-, sosial- og barnevernsavdelinga