Nytt skjema for klage på helsehjelp

Statsforvaltaren har utarbeidd eit nytt skjema som du kan nytte om du er misfornøgd med helsehjelpa du har fått, viss du meiner at du ikkje får nødvendig helsehjelp, eller om du har andre pasientrettar som ikkje er oppfylte.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 07.10.2022

Når du nyttar dette skjemaet, vil vi få dei opplysningane vi treng frå deg for å kunne vurdere klaga di. Viss du har problem med å fylle ut skjemaet, kan vi avtale ein annan framgangsmåte for å ta i mot klagen din.

For meir informasjon, sjå saka Klage på helsehjelp?

Du kan også få hjelp til å fylle ut skjemaet, ta kontakt med Marit Stornes og Siri Mæland, som du finn under «Kontaktpersonar».  

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.