Meir heilskapleg helsehjelp til barn og unge i barnevernet
Eit nytt nasjonalt forløp beskriver korleis barnevernstenesta og helse- og omsorgstenestene kan samarbeide for å gi barn og unge eit godt og heilskapleg tenestetilbod. 16. februar blir det lanseringswebinar.
Forsking viser at barn og unge i barnevernet har høgare førekomst av helseplagar enn barn og unge elles i befolkninga. Barn og unge som får hjelp frå barnevernstenesta, har også høgare risiko for å utvikle åtferdsproblem og rusmiddelproblem. Målet med det nasjonale forløpet er at barn og unge i barnevernet blir kartlagt og greia ut for helse- og rusproblem, slik at dei får nødvendig helsehjelp i kombinasjon med riktige tiltak frå barnevernet.
Forløpet beskriver korleis barnevernstenesta og helse- og omsorgstenesta i kommunen, tannhelsetenesta og spesialisthelsetenesta kan samarbeide for å gi barn og unge i barnevernet eit godt og heilskapleg tenestetilbod.
Forløpet finn du på Helsedirektoratet sine sider.
Den 16. februar inviterer Helsedirektoratet og Barne-, ungdoms-, og familiedirektoratet til webinar. Meir informasjon, program og påmelding finn du på Helsedirektoratet sine sider.