Kommunane har ansvar for psykososial beredskap og oppfølging

Evakueringa frå Gaza av personar med tilknyting til Noreg, har igjen aktualisert behovet for psykososial beredskap. Vi oppmodar kommunane om å ha merksemd på å tilby psykososial støtte og oppfølging i akutte situasjonar, for å førebygge og avhjelpe allereie oppståtte traume.

Publisert 07.12.2023

Å leve over lengre tid i ei krigssone er dramatisk, og det er viktig at nettsidene til kommunane har tydeleg informasjon om kvar det er mogleg å få hjelp. Å vere utsett for eller vitne til traumatiske hendingar påverkar alle, både barn og vaksne. Les heile brevet frå Helsedirektoratet, som er sendt ut til kommunane, under «Dokument».

Sjå oversikt over psykososiale kriseteam i Sogn og Fjordane, under «Dokument». Artikkelen vil bli oppdatert med ei oversikt over heile Vestland, når den er klar.  

Kommunen sitt sørge-for-ansvar

Kommunane har eit ansvar for å tilby psykososial beredskap og oppfølging. Proaktiv psykososial oppfølging av personar som er direkte råka av traumatiske hendingar, har stor betydning. Ei slik oppfølging inneber at kommunen aktivt tek direkte kontakt med den eller dei ramma, og tilbyr støtte og bistand i ei tidleg fase. Det inneber vidare at kommunen etter ei tid tek ny kontakt dersom den ramma direkte etter katastrofen ikkje ønskjer eller ikkje er i stand til å ta i mot hjelp. Den nasjonale rettleiaren tilrår at den som er ramma får ein fast, namngitt kontaktperson i kommunen som kan bidra til kontinuitet og heilskapleg oppfølging. Les meir i rettleiaren for psykososiale tiltak ved kriser, ulykker og katastrofar.  

Tydeleg og lett tilgjengeleg informasjon

Vi oppmodar om kommunane om å legge ut informasjon på nettsidene sine om korleis tenestene er organisert og kvar innbyggjarane kan få psykososial oppfølging. Innbyggjarane bør lett få oppdatert informasjon om

  • kva tenester og tilbod som er tilgjengelege
  • kva aldersgrupper og målgrupper tenestene rettar seg mot
  • opningstidene til tenestetilbodet
  • kva telefonnummer dei kan ringe for å komme i kontakt med tenestene, og kva tid det er telefontid
  • adressa for tilbodet

Kommunen må tydeleggjere at fastlegane har ein strakshjelp-funksjon på dagtid, ifølgje forskrift om fastlegeordninga i kommunen. Det må også kome fram kva andre akuttilbod som er tilgjengelege, utanom ordinær opningstid, som  lokal legevakt og akuttmottak i spesialisthelsetenesta.

Det psykososiale teamet bør ha ei tverrfagleg samansetjing, der både helsefagleg og barnefagleg kompetanse inngår. Vi tilrår òg at teamet har med prest, mellom anna fordi prestar har viktig kompetanse om religiøse ritual og forventningar, uavhengig av trussamfunn.

Informasjon og råd

I lenkjene under finn de oppdatert informasjon og råd om varetaking av psykososiale behov.  

Kommunane kan kontakte RVTS i sin region. Dei har spesielt ansvar for å hjelpe kommunane med rettleiing og kompetanse i psykososial oppfølging og beredskap. Helsedirektoratet har også råd til kommunar og tilsette i helse– og omsorgstenestene på sine nettsider.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.