Kommunane i Vestland meiner at barnevernreforma må gjelde alle som jobbar med barn og unge

Det er blant innspela i den felles høyringsuttalen frå kommunane til tenestekatalogane som er utarbeidd i samband med barnevernreforma. Kommunane meiner tenestekatalogane må bli tydelegare.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 26.02.2021

Barne,- ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) har i samband med barnevernreforma utarbeidd tenestekatalogar, som skal tydeleggjere forventningar og ansvarsforhold mellom kommunane og Barne- ungdoms og familieetaten på dei ulike tenesteområda (Bufetat).

Kommunane i Vestland meiner at tenestekatalogane må bli tydelegare når det gjeld kva tiltak Bufetat skal og kan tilby, kva tiltak det er forventa at barneverntenesta skal ha tilgang på og grensedraginga mellom kommunalt og statleg ansvar på fosterheimsområdet.

Statsforvaltaren i Vestland har innhenta innspel frå 34 kommunar og til saman 26 barneverntenester. Innspela er samla i ei felles høyringsuttale som vart sendt til Bufdir 19. februar 2021. Den skal vere med å danne grunnlag for deira vidare arbeid.

Les heile høyringsuttalen her.

Tenestekatalogar på fire område

Bufdir har utarbeida tenestekatalogar på områda «Hjelpetiltak», «Fosterheim», «Institusjon» og «Familievern» i samband med Barnevernreforma 2022.

Hovudtrekka frå høyringsinnspela er

  • Det må kommuniserast tydelegare ut at reforma i realiteten er ei oppvekstreform og tenestekatalogane må rettast til fleire kommunale hjelpetenester enn barneverntenesta
  • Katalogane må bli tydelegare på kva som er Bufetat si bistandsplikt og kva vilkår som ligg til grunn for at kommunane kan kjøpe statlege tenester
  • Vil høgare økonomisk kommunal eigenandel på statlege tiltak medføre også høve til å påverke innhaldet i tiltaka i større grad?
  • Korleis vil Bufetat sikre likeverdige tenester til alle kommunar, uavhengig av storleik og geografiske forskjellar.

Det er eit gjennomgåande tema i tilbakemeldingane frå kommunane at dei ønskjer ei snarleg avklåring på dei dei økonomiske rammene og at dette vil vera avgjerande for å få til ei god førebuing fram mot oppstart av reforma 1.  januar 2022.

Følg reformarbeidet

De kan følge med på kva som skjer kring reformarbeidet på heimesidene til Bufdir.

De kan og følgje med på kva som skjer knytt til reformarbeidet her i Vestland ved å abonnere på nyheitsbrev frå Statsforvaltaren i Vestland, og ved å gå inn på nettsida til Læringsnettverket for barneverntenestene i Vestland.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.