Sandvik naturreservat i Fyresdal

Fyresdal kommune fekk sitt niande naturreservat 23. juni 2020

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 10.07.2020

Generelt            

Området omfattar Kråknuten som ligg 723 meter over havet og Hokås 576 meter over havet med tilhørande koller og lisider på nordsida av Russvatnet i Fyresdal. Russvatnet er ein del av Napevatn som er eit reguleringsmagasin med høgaste reguleringsgrense på 512 meter over havet. 

Topografi

Området har forholdsvis variert topografi som omfattar koller, sør-, søraust- og sørvestvende lisider, myrflater, bakkemyr, bergvegger og sva. Høgdespennet strekkjer seg frå 500-975 meter over havet.

Verneformål    

Føremålet med naturreservatet er å taka vare på eit område som har særleg verdi for biologisk mangfald på grunn av førekomst av skogtypar som gamal låglandsgranskog og med ein betydeleg del furuskog i samanbrotsfase. Det er ei målsetjing å behalde verneverdiane i mest mogleg urørd tilstand, og eventuelt vidareutvikle dei.

Naturfagleg kvalitet       

Området har særskild naturvitskapeleg verdi på grunn av førekomsten av eldre barskog på høg bonitet. Naturreservatet har lokal til regional verneverdi (*/**).

Gamal granskog har middels udekka vernebehov i Telemark. Eldre furuskog på høg bonitet er og sjeldant i regionen.

Trass i at eldre skog dominerer store delar av det undersøkte område er det få areal med riktig gammal skog. Eksempelvis vart ei gran i aust anslått til ca. 140 år, og ei furu til ca. 130 år.

 

Naturreservata i Fyresdal

Lenke til faktaark i Naturbase

Fugldalen naturreservat

https://faktaark.naturbase.no/?id=VV00003043

Hæstad naturreservat

https://faktaark.naturbase.no/?id=VV00003076

Grønhovdåsen naturreservat

https://faktaark.naturbase.no/?id=VV00003526

Brårfjell naturreservat

https://faktaark.naturbase.no/?id=VV00003170

Vikfjell naturreservat

https://faktaark.naturbase.no/?id=VV00001108

Krålen naturreservat

https://faktaark.naturbase.no/?id=VV00003223

Storsteinfjell naturreservat

https://faktaark.naturbase.no/?id=VV00002388

Nordre Lia naturreservat

https://faktaark.naturbase.no/?id=VV00003314

Sandvik naturreservat

https://faktaark.naturbase.no/?id=VV00003608

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.