Naturmangfald

Søstermarihånd er freda i Norge og vurdert til «sårbar» (VU) i Rødlista. Foto: Sigmund K. Hansen
Søstermarihånd er freda i Norge og vurdert til «sårbar» (VU) i Rødlista. Foto: Sigmund K. Hansen

Naturen skal forvaltast slik at plantar og dyr som finst naturleg i Noreg, skal sikrast i levedyktige bestandar. Vi skal også ta vare på den variasjonen som finst i naturtypar, landskap og geologi.

Alle har ansvar for naturmangfaldet

Alle typar inngrep i naturen kan true naturmangfaldet. Vi må derfor alltid vurdere konsekvensane av inngrep som for eksempel større vegar eller nye bustadområde.

Dei to viktigaste lovene for å sikre naturmangfaldet er naturmangfaldlova og plan- og bygningslova. Naturmangfaldlova pålegg styresmaktene å vurdere tiltak når naturen er trua.

Statsforvaltaren er med på å sikre at leveområde, artar og naturressursar blir tekne vare på, blant anna ved å kontrollere at kommunane følgjer naturmangfaldlova, og sørgje for at kunnskap om miljøet blir lagt til grunn for kommunale avgjerder.

Trua artar og naturtypar

Meir enn 2000 plante-, sopp- og dyreartar står i fare for å bli utrydda i Noreg.  Regjeringa har peikt ut nokre av dei trua artane og naturtypane som «prioriterte artar» eller «utvalde naturtypar». Desse blir det teke særleg omsyn til i forskrifter til naturmangfaldlova. Statsforvaltarane har ansvar for det faglege grunnlaget for nye handlingsplanar for trua artar og naturtypar, og for å gjennomføre tiltaka når planane er vedtekne. I mange tilfelle blir tiltaka utførte i samarbeid med grunneigarar, kommunar og foreiningar. 

Framande artar

Framande artar er plantar og dyr som ikkje høyrer naturleg heime i naturen vår. Meir reising, meir handel og eit mildare klima er nokre av årsakene til at det kjem nye framande artar til Noreg.

Det er viktig at framande artar ikkje skadar økosystema våre. Statsforvaltaren deltek i arbeidet med å nedkjempe framande skadelege artar, blant anna ved å fjerne framande plantar frå verneområde og informere hageeigarar om kva for plantar dei helst ikkje bør bruke. Statsforvaltaren har også oppgåver knytte til kartlegging og overvaking av framande artar.

Vis meir


Publisert 26.01.2022

483 kvadratkilometer natur er kartlagt

Fleire kommunar i Vestfold og Telemark har hatt besøk av biologar i sommarhalvåret 2021. Resultatet blei nyleg lagt ut i verktøyet naturbase.no.


Publisert 16.12.2021

Vil du søkje om tilskot til å ta vare på naturen vår?

Det er no mogleg å søkje om statleg tilskot for å betre miljøtilstanden i Noreg. Søknadsfristen er 15. januar og ein søkjer gjennom Miljødirektoratets søknadssenter. 


Publisert 14.10.2021

Naturtypekartlegging i 2022

Statsforvaltaren ber om forslag til område for naturtypekartlegging i 2022.


Publisert 09.07.2021

Stor innsats for å ta vare på naturen vår!

I år blir det delt ut 5,6 millionar kroner for å ta vare på trua natur i fylket vårt. Dette vil forbetre miljøtilstanden til mange artar og naturtypar.


Publisert 11.06.2021

Kartlegging av naturtypar 2021

På vegne av Miljødirektoratet vil det sommaren og høsten 2021 bli gjennomført kartlegging av naturtypar i fylket. Kartlegginga er ei langsiktig, nasjonal satsning om å bedre kunnskapsgrunnlaget om norsk natur.


Publisert 09.04.2021

Rekartlegging av naturtypar i skog i Porsgrunn og Hjartdal

På oppdrag frå Statsforvaltaren i 2020, har BioFokus rekartlagt og kvalitetssikra 14 naturtypar i skog i Porsgrunn kommune og 4 naturtypar i skog i Hjartdal kommune.


Publisert 13.01.2021

Korleis lage kommunedelplanar for naturmangfald?

Miljødirektoratet gir i ny rettleiar råd om korleis vi kan ta vare på verdifull natur i kommunal planlegging.


Publisert 29.06.2020

Kartlegging av mosen Entosthodon fascicularis

Mosen blei påvist for første gong i Noreg i mai 2018 i frukthage på Nes i Midt-Telemark kommune.


Kontakt oss

Fagsjef Natur:
Arne Christian Geving
Telefon 33 37 23 51 / 90 04 39 15

E-post
fmveacg@statsforvalteren.no

All kontakt på e-post blir behandla etter same prosedyre, og blir lagt inn i postjournalen. Ved spørsmål angåande ei spesifikk sak, ber vi om at du oppgir saksnummer.

Gjeld saka personsensitive opplysningar, kan du òg sende sikker melding 

Kontakt oss

Fungerende direktør miljøavdelingen:
Grethe Helgås
Telefon 33 37 23 09

E-post
sfvtpost@statsforvalteren.no

All kontakt på e-post blir behandla etter same prosedyre, og blir lagt inn i postjournalen. Ved spørsmål angåande ei spesifikk sak, ber vi om at du oppgir saksnummer.

Gjeld saka personsensitive opplysningar, kan du òg sende sikker melding