Not Sinterco Pulverlakk AS har fått løyve etter forureiningslova

Statsforvaltaren har gjeve Not Sinterco Pulverlakk AS løyve til verksemd etter forureiningslova for anlegget på Hegland industriområde i Larvik kommune.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 13.08.2021

Not Sinterco AS driver med pulverlakkering av metaller. Verksemda har utslepp til luft frå prosessen. Meir opplysningar finn du i dokumenta til høgre.

Partar i saka og andre med rettsleg klageinteresse kan klage på vedtaket.

Eventuelle klager må ein grunngi og sende innan 08.09.21 til Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark, Postboks 2076, 3103 Tønsberg eller på e-post til sfvtpost@statsforvalteren.no

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.