Løyve etter forureiningslova

Forureining er forboden, med mindre det er lovleggjord, enten i lova sine eigne bestemmingar, i forskrift eller i særskilt løyve. Dette følger av forureiningslova § 7 første ledd. Forureinande verksemd som ikkje er omfatta av unntaka i forureiningslova § 8 - eller er gjort lovleg gjennom forskrift etter § 9 - må ha særskilt løyve etter § 11.

Forureiningslova § 8 gjer unntak frå forbodet for vanleg forureining frå blant anna jordbruk, skogbruk, bygningar og midlertidig anleggsverksemd. Det same gjeld forureining som ikkje medfører nemneverdige skadar eller ulempe. Det kan også vere gitt forskrifter i medhald av § 9 i lova som gjer forureinande verksemd lovleg på visse vilkår.

Statsforvaltaren er styresmakt for løyve etter forureiningslova for verksemder innafor ei rekkje område. Det omfattar blant anna utvalde type landbasert industri, avfallsanlegg, akvakultur, anleggsverksemder og avløpsanlegg.

Saksbehandling

Søknadar om utsleppsløyve vert handsama i tråd med forureiningsforskrifta kapittel 36. Krav til innhald i ein søknad om løyve går fram av forureiningsforskrifta § 36-2. Statsforvaltaren kan krevje ytterlegare opplysningar dersom det er nødvendig for behandlinga av saka. For nokre bransjar er det laga eigne skjema.

Behandlinga av ein søknad går som oftast gjennom følgande steg:

  • Statsforvaltaren sjekkar at søknaden inneheld tilstrekkeleg informasjon og etterspør ev. manglar.
  • Vi forhandsvarslar naboar, offentlege organ og organisasjonar og legg søknaden ut til offentleg høyring.
  • Innkomne merknader blir sende til søkaren for eventuelle kommentarar
  • Statsforvaltaren utarbeider deretter eit utkast til løyve og forhandsvarslar vilkår
  • Statsforvaltaren gjer eit endeleg vedtak

Når Statsforvaltaren avgjer om ei verksemd skal få løyve og set vilkår, skal det leggast vekt på ulempene med forureininga saman med fordeler og ulemper som tiltaket elles fører med seg. I løyvet kan det setjast vilkår slik at forureininga fører til mindre skade eller ulempe, til dømes ved krav til reinsetiltak, gjenvinning eller at løyve berre skal gjelde for ei viss tid.  Ein søknad om utsleppsløyve kan også bli avslått.

Endring av løyve

Ved endringar i driftsforhold som kan ha betydning for forureininga, må verksemda i god tid på førehand søke om endring av løyvet. Verksemda bør først kontakte forureiningsstyresmakta for å avklare behovet for slik endring.

Forureiningslova § 18 har nærare vilkår for endring og omgjering av løyver. Statsforvaltaren kan i alle tilfelle endre eller kalle tilbake ei løyve når det har gått 10 år etter at den er gitt.

Gebyr

Statsforvaltaren tek gebyr for handsaming av saker etter forureiningslova i tråd med forureiningsforskrifta kap. 39. Det er Statsforvaltaren sin ressursbruk i den enkelte sak som ligger til grunn for val av gebyrsats.

Les meir om gebyr og satsane som vert anvendte i forureiningsforskrifta kap. 39, paragraf 39-4 "Gebyr for arbeid med fastsetting av nye og endring av tillatelser". 

Verksemder med løyve

Alle utsleppsløyve vert vist på nettstaden Norskeutslipp.no. Her kan ein sortere etter fylke, sektor og type verksemd. I oversikten går det også fram dersom Statsforvaltaren har ført tilsyn med at verksemda etterlever vilkåra som er satt og krav i forureiningslovverket elles.

 

 

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontakt oss

Fagsjef Forurensning:
Siv Hege Wang Grøvo
Telefon 33 37 23 18

E-post
sfvtpost@statsforvalteren.no

All kontakt på e-post blir behandla etter same prosedyre, og blir lagt inn i postjournalen. Ved spørsmål angåande ei spesifikk sak, ber vi om at du oppgir saksnummer.

Gjeld saka personsensitive opplysningar, kan du òg sende sikker melding 

Kontakt oss

Direktør miljøavdelingen:
Grethe Helgås
Telefon 33 37 23 09

E-post
sfvtpost@statsforvalteren.no

All kontakt på e-post blir behandla etter same prosedyre, og blir lagt inn i postjournalen. Ved spørsmål angåande ei spesifikk sak, ber vi om at du oppgir saksnummer.

Gjeld saka personsensitive opplysningar, kan du òg sende sikker melding