Slik ynskjer vi å inspirera til auka matglede blant eldre

Foto: Liv Gystad. NY BROSJYRE: Matgledeskorpset har utarbeidd denne brosjyra, som syner til fleire gode verktøy for å bidra til å løfta matopplevinga for dei eldre

Matgledekorpset har utarbeidd brosjyre for å inspirera til matglede og betre matomsorg for eldre.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 29.09.2021, Sist endra 29.09.2021

Gjennom eigarskap og stolthet til måltidet, god arbeidsflyt, smart ressursutnytting og bruk av lokale råvarer skal det offentlege måltidet løftast frå haldepunkt til høgdepunkt. Dette har matgledeskorpset oppsummert i ei ny brosjyre, retta mot alle som jobbar for at dei eldre skal få det best mogleg. Målgruppa gjeld frå avgjerdstakarar i kommunen, til leiarar på institusjon og kjøkken, og dessutan helse- og omsorgspersonell.

 

–  Skape ei endring i «hovud og gryter» til leiing, pleia og kjøkkenpersonell. Då vil måltidet gå frå haldepunkt til høgdepunkt for dei eldre, seier kokk Inge Johnsen i Matgledekorpset

Mange eldre får i seg for lite mat på grunn av redusert appetitt. Dette kan føre til underernæring med redusert livskvalitet og auka omsorgsbehov. Gode måltider gjev trivsel, næring, mestring og felleskap. Gode måltid er kort og godt livsnødvendig medisin og bidreg til god helse.

Brosjyra beskriv ein arbeidsmodell i fem faktorar, som alle er viktige for å oppnå ynskjelege endringar. Du kan laste ned brosjyra her.

Brosjyra er utarbeidd av Matgledekorpset, og er eit prosjekt i regi av Landbruks- og matdepartementet. Arbeidet med måltidsglede for den eldre befolkninga har bakgrunn i kvalitetsreforma for eldre, Leve heile livet og arbeidet til regjeringa med Matnasjonen Noreg. 

 

Les meir om Matgledekorpset her og på matgledekorpset.no

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.