Nettverk for landbruksbasert næringsutvikling i Vestfold og Telemark

Regionen Vestfold og Telemark spenner seg over eit vidt spekter av moglegheiter for næringsutvikling, både på bruk der landbruket er ein del av næringsinntekta og for bruk som satsar fulltid.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 30.04.2020

Det har vore etterspurt eit nettverk for næringsutvikling mellom kommunane, Innovasjon Noreg, Fylkeskommunen og Fylkesmannen i regionen. Eitt nettverk for å utveksle resultat, idéar og eventuelt også finne samarbeid på tvers av kommunar.

Vi ønskjer å lage eit team(gruppe) i Teams, for å minimere e-postutveksling, for dykk som jobbar med temaet landbruksbasert næringsutvikling. Vi håper på eit mest mogeleg aktivt team, og ønskjer derfor at de som jobbar med næringsutvikling melder dykk, eventuelt ein kontaktperson frå kvar kommune/landbrukskontor. 

Tanken bak er at vi kan dele gode idéar, leggje ut linkar til aktuelle artiklar og elles det som måtte kome opp av nyttig informasjon som fleire bør vite om. Det vil også vere høve for Teamsmøte med alle eller somme, og kanskje vi etter kvart også kan få til nokre synfaringar og fysiske møte.

Ønskjer de å vere med i dette nettverket så svar på e-posten som blei sendt ut til alle på landbrukskontora i Vestfold og Telemark den 29. april, med namn og e-postadresse, så legg vi de inn i nettverket på Teams kontinuerleg.

Frist for å melde seg på er onsdag 6 mai.

Ta kontakt dersom de har spørsmål.

Med vennleg helsing

Innovasjon Noreg Vestfold Telemark, Fylkeskommunen Vestfold og Telemark og Fylkesmannen Vestfold og Telemark

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.