Info om søknadsomgangen RMP 2025

Landbruksdirektoratet har bede oss om å vidareformidle følgjande:

Publisert 12.09.2025

Måndag 15. september opnar søknadsomgangen for regionale miljøtilskot i jordbruket (RMP).

Oppdaterte rettleiarar og informasjon på nettsidene

Nettsidene til Landbruksdirektoratet er oppdatert med informasjon retta mot både søkjarar og sakshandsamarar. Rettleiaren for søkjar, RMP - steg for steg veileder 2025, er oppdatert for årets søknadsomgang. Det er veldig nyttig for sakshandsamarane i kommunane å gjere seg kjent med denne, då mange av spørsmåla søkjarane har er forklart i nettopp denne rettleiaren.

Ei viktig oppdatering som er lagt inn i rettleiaren gjeld kartet og tiltaket Ingen jordarbeiding om hausten. No har vi fiksa det slik at ein får lovleg område på areal som ikkje er erosjonsrisikoklassifisert, både om ein teiknar inn tiltaket ved bruk av «Tegn i kart» og «Velg område». I fjor fekk ein kun lovleg område på areal som var erosjonsrisikoklassifisert når ein teikna ved hjelp av «Velg område».

Du finn meir informasjon om RMP på desse sidene:

Ordningsside (retta mot søkjar): https://www.landbruksdirektoratet.no/nb/jordbruk/ordninger-for-jordbruk/regionalt-miljotilskudd-rmb

For forvaltninga: https://www.landbruksdirektoratet.no/nb/forvaltning/alle-veivisere-for-jordbruk/regionalt-miljotilskudd-i-jordbruket-rmp (her finn de oppdatert instruks, rundskriv, rettleiarar for kommune og statsforvalter osv.)

Arbeid med fagsystemet eStil-RMP

I år har vi hatt ei større oppgradering av back end i fagsystemet eStil-RMP, ved at vi har gått frå Java 8 til Java 21. Det seier dykk sikkert ikkje så mykje, men det var ei stor og krevjande oppdatering som var nødvendig å ta. Vi har utført mange og grundige testar for å sjekke at alle funksjonalitetar har kome med. Dersom det likevel skulle dukke opp mystiske feilmeldingar eller utfordringar for søkjar eller sakshandsamar, så ber vi om at de melder dette som vanleg til miljoorakelet@landbruksdirektoratet.no.

Vi minner elles om at søkjar skal ta kontakt med kommunen dersom dei har spørsmål om søknadar, plikter og rettigheiter. Kommunen skal vidare kontakte statsforvaltaren dersom kommunen har behov for hjelp. Statsforvaltaren tek kontakt med Landbruksdirektoratet via Miljøorakelet dersom det er behov for fagleg bistand. Meldingar om feil kan de melde til Miljøorakelet. Det pleier å komme mange e-postar og telefonar til oss i løpet av søknadsperioden. Vi ser helst at vi får spørsmåla på e-post via Miljøorakelet og vi svarar fortløpande opp desse.

Feil med eksportfunksjon til Excel

Vi har fått melding frå dykk om at eksportfunksjonen til Excel ikkje fungerer når de prøver å hente ut søknadslister eller individdata. Dette er ein feil vi jobbar med, som tidlegast blir fiksa i veke 39. Vi beklagar ulempene det medfører, men vi har måtte prioritere å få systemet klart for søkjarane til den 15. september.

I fjor hadde vi problem med at fagsystemet gjekk ned på tampen av søknadsomgangen. Vi har gjort grep som vi har god tru på at skal føre til at dette ikkje skjer igjen.

Vi håpar at kommunane også i år oppmodar søkjarane om å starte på søknaden i god tid før fristen.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.