Arbeid med produksjonssvikt i sommar

I sommar kan det koma ein del meldingar om mogleg produksjonssvikt. Kommunen må sjå til at meldingane hamnar i Agros, at godkjenningar vert gjevne og at kontrollar vert gjennomførte.

Publisert 28.06.2023

Feilsendte meldingar

Nokre gårdbrukarar har oppretta søknad i Elf i den tru at dei har meldt om mogleg skade. Om kommunen oppdagar melding om mogleg skade feilaktig er lagt inn som søknad i Elf, bør gardbrukaren kontaktast og rettleiast til å bruke meldesystemet Agros. Kommunen må sørge for at søknadar som feilaktig er oppretta i Elf, vert sletta. Dersom kommunen ikkje får til å slette søknaden, må han sende melding til Statsforvaltaran om at søknaden skal slettast.

Godkjenning av at areal ikkje vert hausta

Ein føresetnad for at areal som ikkje vert hausta, skal koma med i skadeberekninga, er at kommunen har godkjent at arealet ikkje vert hausta. Ein grunn for å ikkje hauste kan vera at avlinga vert så låg at det ikkkje løner seg. I ein situasjon med mangel på fôr, er det høg terskel for å godkjenne at areal ikkje vert hausta. 

Kontrollar

Kommunen skal gjennomføre risikobasert kontroll hjå 10 % av dei som melder om mogleg skade i planteproduksjon og hjå 50 % av dei som melder om mogleg skade i honningproduksjon.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.