Ny parasitt oppdaga i Noreg

Det er for fyste gong funne Hundens dvergbendelorm i Noreg. Den kan smitte frå hund til menneskje.

Publisert 11.01.2023

Hundens dvergbendelorm (Echinococcus canadensis) er ein zoonose, som tydar at den kan smitta frå hund til menneskje. Hundens dvergbendelorm har slektskap med revens dvergbendelorm, men det er ikkje det same. Hundens dvergbendelorm er tidlegare påvist i Sverige og Finland. Den er no funne for fyste gong i Noreg. Parasitten blei funne i eit elgslakt på eit viltslakteri.

Hund og ulv er endevert for parasitten, mens hjortevilt og menneskje kan vere mellomvert. Menneskje kan smittast frå hunden, men ikkje fra hjortevilt.

Hunder kan smittas om dei eter kjøt eller innmat frå smitta mellomvertar. For å hindra smitte hos hundar bør ein ikkje gje dei rått slakteavfall frå hjortedyr. Om hunden vert smitta kan den behandlas med legemiddel.

Sjukdommen er meldepliktig, og om storviltjegarar finner væskefylte blærer i kjøt eller indre organ på hjortedyr bes dei melde frå til Mattilsynet