Kompetansesamling skogbruk
- Dato:
- 17. juni 2021 09:00 - 11:00
- Stad:
- Teams (digitalt møte)
- Arrangør:
- Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark
- Målgruppe:
- Skogbruksansvarlege i kommunane i Vestfold og Telemark
Statsforvaltaren inviterer kommunane i Vestfold og Telemark til et Teams-møte om aktuelle skogsaker.
Publisert 09.06.2021
Opphavleg var planen å arrangere ei heildagssamling i Tinn den 17. juni. Tema skulle vere vegbygging, rasfare, vegvedlikehald og skogkultur. Vi håper at smittesituasjonen tillèt at vi kan ha ei slik «fysisk samling» ute til hausten. I staden for fagdag ute, inviterer vi no til eit to timar langt digitalt møte:
Tema:
- Hogst i kantsoner. Innleiing ved Arne Christian Geving, miljøavdelinga hjå SFVT.
- Tilskot til skogsvegar
- Skoghygiene og bruk av skogfond
- Borkbiller og borkbilleovervaking
- Ekstraordinært plantetilskot og føring i ØKS
- Open post
Det er fint om kommunane melder inn tema til open post på førehand, men det vert og mogleg å ta ordet i møtet.
Innkalling er sendt til skogansvarlege i kommunane i Outlook. Sei frå om du ynskjer å delta i møtet, men ikkje har fått innkalling.
- Dato:
- 17. juni 2021 09:00 - 11:00
- Stad:
- Teams (digitalt møte)
- Arrangør:
- Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark
- Målgruppe:
- Skogbruksansvarlege i kommunane i Vestfold og Telemark